Hopp til innhold

Tatt for butikktjuveri på Moa

Tre personar vart onsdag ettermiddag tatt for tjuveri i fleire buttikkar på handlesenteret Moa i Ålesund.

Politi illustrasjon

Onsdag ettermiddag vart tre personar tatt for tjuveri i Ålesund.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Onsdag ettermiddag rykka politiet ut til handlesenteret Moa i Ålesund etter ei melding om butikktjuveri.

– Tre personar, to menn og ei kvinne, frå aust-Europa vart tatt for tjuveri frå fleire butikkar, fortel Tor Andre Gram Franck, operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Det var vektarar på staden som hadde oppdaga dei tre tjuvane.

Små summar

Tjuvane hadde ikkje stelt for store summar då dei vart tatt. Ifølgje operasjonsleiaren var det berre snakk om verdiar til nokre tusen kroner.

Dei tre vart henta av politiet og blir bøtelagt for forholdet.

– Vi vil i tillegg vurdere om det blir sett i verk andre straffetiltak, seier Gram Franck.