NRK Meny
Normal

NRK-reporter overraska av «Berit»

«Berit» herjar hardare og hardare langs kysten. NRK-reporter Tore Ellingseter fekk i dag kjenne naturkreftene på kroppen.

Tore Ellingseter

TATT AV BERIT: Tore Ellingseter rapporterer om ekstremvêret, og får seg ei skikkeleg overrasking.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sjå video:

Video "Berit" kasta seg over reporteren

'Berit' kasta seg over reporteren

– Spesiell situasjon

TV-teamet Tore Ellingseter og Remi Sagen frå NRK Møre og Romsdal var på Alnes på Godøya i Giske for å filme ekstremvêret «Berit».

Alnes

STEINAR: Store steinar vart flytta av dei sterke naturkreftene.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ytst ute på kysten er naturkreftene på sitt mest ekstreme, og mange skodelystne var komne til øya for å sjå på vêret.

– Det er ein svært spesiell situasjon. Sjølv hardbarka øybuarar som er vande med sterke krefter, opplever dette uveret som ekstremt. Nokre av dei eldste på øya har rett nok opplevd liknande før, men situasjonen er slett ikkje normal, fortel reporter Tore Ellingseter.

Han skulle snart få kjenne på kroppen kor hardt «Berit» kan slå.

LES OGSÅ:

Alnes uvær Berit

EKSTREMT: Båra slår innover mot husa på Alnes.

Foto: Remi Sagen / NRK

Storbåre

Teamet var i gang med å lage ein rapport om versituasjonen, då storbåra brått overraska dei.

– Ei kjempebåre som flyttar store steinar, skyl brått over vegen og inn mot husa på Alnes. Plutseleg var vi søkkvåte, fortel reporter Ellingseter.

LES OGSÅ:

Fotografar på Alnes

EKSTREMT: Det sto også mange skodelystne langs vegen som fekk kjenne storhavet på kroppen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Korleis gjekk det med kameraet?

– Saltvatn er det verste for kameraelektronikken. Eg måtte tømme vatn utav det etterpå. Det er nok øydelagt, må fotograf Remi Sagen konstatere.

Og reporter Tore Ellingseter åtvarar andre mot å bevege seg ut i ekstremvêret.

– I ettertid ser eg at det vi gjorde var farleg. Vi burde ikkje ha bevega oss så langt ut mot havet, seier han.

Sjå TV-reportasjen som teamet laga:

Video Storm på Alnes