Hopp til innhold

Tatovør i jordbærland

– Det var på tide å prøve noko nytt, seier Torbjørn Storås. I sommar opnar han eige tatoveringsstudio i jordbærbygda Valldal.

Torbjørn Storås og tatovering

– Skal du tatovere ein heil arm, kan det vere naudsynt med fem-seks besøk, seier Torbjørn Storås. No etablerer han seg med studio i Valldal.

Foto: Åge André Breivik/Torbjørn Storås

Sidan 2002 har han halde til i vestlandshovudstaden. Som tatovør starta han i studioet «Leading Light» i Bergen. Der gjekk han i lære, og vart verande i totalt fem år, før vegen gjekk vidare til studioet «Let's Buzz».

Tidlegare i år var bykapitlet over. Då tok Storås med seg familien og flytta heim til Sunnmøre. Heim har dei fått seg i Tafjord, studio starta han i jordbærbygda Valldal.

Ville heim til fjella

Torbjørn Storås og dotra Vilde

– Familien veg tungt, seier Torbjørn Storås. Saman med dottera Vilde og resten av familien har han flytta heim til Sunnmøre.

Foto: Åge André Breivik / NRK

– Me har blitt eldre. Me har familie, og hadde eit ønske om å kome lenger ut på bygda, fortel Storås.

Dei søkte ein stad der borna kunne springe rundt og leike. Der omgjevnadene var litt meir fredelege enn det var i byen. Der naturen var slik han kjente den frå oppveksten i Eidsdal.

– Det er fint å bu på Askøy, men det er eit kystlandskap, og eg får ikkje heilt same roa i sjela som eg hadde då eg vaks opp her, seier han.

No har dei flytta heim til Sunnmøre, med besteforeldre nærare, og fjell på alle kantar.

– Alle har ein tanke om kva dei vil ha

Torbjørn Storås-tatovering

– Nokre gonger kan tatoveringa ta kortare tid enn å leite fram utstyret, seier Torbjørn Storås. Skal du ha heile armen tatovert må du setje av meir tid.

Foto: Illustrasjon: Torbjørn Storås

– Tatovør er ingen beskytta tittel. Det er ingen formelle utdanningskrav, seier han. Likevel er det i dag vanleg å følgje visse normer.

Ein tatovør må vere god på teikning. Ein skal gjerne ha kunstutdanning, eller skulering innan formgjeving eller grafiske fag.

Tidlegare kunne eit tatoveringsstudio greie seg fint med ein del standardmotiv på veggen. Slik er det ikkje lenger. Alle vil helst ha motiv som er unike for dei. Dermed må også ferdigheitene til tatovøren vere høgare.

– Alle som kjem inn har ein tanke om noko dei vil ha gjort. Så har dei ofte ei skisse, nokre referansar, kanskje har dei skrive noko, fortel Storås.

Med det utgangspunktet skal han finne ut kva motiv som passar best for den enkelte. Nokre kjem også inn utan å vite kva dei vil ha. Då må Storås inn for å finne ut kva som skal lagast.

Ingen storby, men optimist likevel

Norddal kommune, der Valldal ligg, har om lag 1800 innbyggjarar. Valldal er kanskje mest kjent for den store produksjonen av jordbær. Om lag 30 bønder driv med jordbærproduksjonen, og leverer kvart år om lag halvparten av alt norsk industri bruker.

Samstundes ligg kommunesenteret mitt i turistvegen i Møre og Romsdal. På veg frå Geiranger til Trollstigen og Trollveggen må du passere gjennom sentrum. Det er der Storås no slår seg til.

– Eg trur ikkje plasseringa er ei ulempe, heller motsett, seier han. For dei som vil ha tatoveringar vil gjerne besøkje den tatovøren som har rett stil.

Dermed kan han ende opp med å ta med seg ein del av kundane sine frå tida i Bergen, sjølv om studioet no ligg midt mellom sunnmørske fjell.

– Enkelte kan finne på å køyre til Trondheim for å sjå på ein bil dei kanskje skal kjøpe, då kan dei nok køyre hit for ei tatovering, meiner han.

Håper på sunnmøringane

Og enkelte av stamkundane hans har allereie sagt dei vil kome til Valldal.

– Ein av kundane mine fekk si fyrste tatoveringa hjå meg på, eller like etter, 18-årsdagen sin. Han fekk si siste berre veker før eg reiste frå Bergen, og har sagt han vil kome hit, seier Storås.

I tillegg håper han at folk frå Sunnmøre vil kome til nytte sjansen til å få tatovert seg i Valldal. Allereie har han hatt kundar frå ålesundsområdet. I sine år i Bergen har han også hatt fleire kundar frå Sunnmøre.

– Eg kan ikkje basere meg på berre folk i kommunen, seier han, og viser til at det er korte avstandar til områda rundt, etter fleire samferdselsprosjekt siste åra.

– Ein god idé når du var 18, er kanskje ikkje det når du er 25

– Som tatovør på ein liten stad kjem eg til å strekkje meg for å gje kundane det dei vil ha. Men det er ikkje alle typar tatoveringar eg vil gjere, seier Storås.

Ein regel han har hatt for seg sjølv er å ikkje kopiere andre sine tatoveringar. Det er det ein del som vil han skal. Dei som har sett ein film, synst hovudpersonen var kul med si tatovering, og gjerne vil ha den same.

Det er dårleg gjort mot stjernene om nokon skal gå rundt på Sunnmøre med akkurat same tatoveringa, meiner han. Ei tatovering bør ha noko personleg bak seg. I tillegg styrer han unna ting som er støytande. Religiøse og politiske symbol han ikkje sjølv kan stille seg bak vil han heller ikkje lage.

– Eg skal sove om natta, og då har eg ikkje samvit til å gjere alt folk vil, seier Storås.

Er du 18 år og gjerne vil ha namnet til kjærasten som tatovering, må du også finne andre stader enn Valldal å få det gjort. Og dei kundane kjem.

– Det skjer om lag like ofte som dei som vil ha hakekors. Dei fleste skjønar at det ikkje er smart. Erfaringsmessig varer dei fleste tatoveringar lenger enn dei fleste forhold. Viss du meiner noko knallhardt, viss du til dømes ser deg sjølv som nynazist når du er 18, så kan det vere at du har ombestemt deg når du er 25. Viss du då har ein diger svastika på halsen, så har du nok laga litt problem for deg sjølv, seier han.

Vil drive heile året

I starten held han til i eit rom hjå ein frisør i Valldal. Der er det vener, deira vener, og tidlegare kundar som har vore innom. Seinare håper han å kunne utvide drifta, slik at han kan drive heile året.

– Kanskje eg på sikt kan ha eit eige lokale som eg kan gjere litt ut av, og ha eit fullt ut fungerande tatoveringsstudio, håper han.

Dermed går han ei spennande tid i møte. Kanskje kan han etter kvart drive eit studio som også tilbyr piercing, og som kan ta i mot gjesteartistar.

– Eg trur det er mogleg også, det er det verste, smiler tatovøren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL