Mannen hadde vaska opp, og la fire tåteflasker i ein kjele med vatn og sette plata på fullt. Etterpå gløymde han det heile og gjekk på tur med familien.
Då dei kom heim etter halvannan til to timar, peip brannvarslaren, og husværet var fullt av røyk. Tåteflaskene hadde smelta og var sterkt forkola, og huset hadde fått røykskadar.
Tingretten meiner mannen var aktlaus og dømer han til å betale ei bot på 3000 kroner pluss like mykje i sakskostnader.