Hopp til innhold

Tar tak mot køkaos på Hareid

Ferjeselskapet Norled og Vegvesenet grip no inn for å hindre det store køkaoset som har vore på ferjekaia på Hareid siste tida.

Ferjekaos på Hareid
Foto: Tipsar

I ettermiddag måtte politiet trø til for å syte for at køkaoset på Hareid ferjekai ikkje skulle føre til trafikkfarlege situasjonar.

No tek Norled og Vegvesenet tak, og skal hjelpe kvarandre for å få slutt på at folk snik i ferjekøen og at farlege situasjonar kan oppstå

– Det har vore ein utfordrande dag i dag, men så er også torsdag ettermiddag truleg den mest trafikerte ettermiddagen i veka, seier regionsjef Inge André Utåker i Norled til NRK.

Ved 17-tida i ettermiddag stod fire rader med bilar att på ferjekaia. Før den tid hadde det vore til dels amper steming i ferjekøen, fordi bilistar prøvde å snike seg fram i køen mellom avgangane til bilferja Høgsfjord.

Politiet på plass

Politiet var på staden i eit par timar, til det verste rushet hadde gitt seg.

– Det var lensmannen som ba oss kome og overvake trafikken. Det var ingen tildragelsar medan vi var der, og vi avslutta vakta etter at den verste køen hadde gitt seg, seier operasjonsleiar John Kåre Flo.

Han trur neppe det blir aktuelt med noko dagleg politivakt på kaia.

Jon Kåre Flo

John Kåre Flo.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ufordrande

Utåker vedgår at heile januar har vore ein vanskeleg månad for alle partar som brukar ferjesambandet Hareid - Sulesund.

– Både for Ullensvang-ferja og for reserveferja Høgsfjord har det vore utfordringar. Vi opplever dagleg at mange bilar blir ståande att og må vente på neste avgang. Men det er klart at med ei reserveferje som tek 50 færre bilar, vil problemet med attståande bilar auke, seier Utåker.

Det var Vegvesenet som i i ettermiddag tok kontakt med Norled for å få til ei betre løysing for ferjetrafikantane på Hareid. Utåker vonar det alt i frå i morgon vil vere betre for alle partar.

– Då vil Vegvesenet vere på plass på kaia for å dirigere trafikken, medan vårt mannskap vil hjelpe til med kvikk trafikkavvikling om bord, seier regionsjefen.