NRK Meny
Normal

Regjeringa tar opp kampen mot piratkopiar

Regjeringa tar opp kampen mot piratkopiar.

No vert det lettare for Tollvesenet å stoppe piratkopiar før dei kjem inn i landet.

Barnestolen Tripp Trapp

Tripp-trappstolen til Stokke som er designa av Peter Opsvik.

Foto: Egon Gade

Tripp Trapp-stolen frå Stokke i Skodje, som er designa av Peter Opsvik er det norske produktet som er mest kopiert.

 

toll
Foto: Torgersen, Hans O. / Aftenposten

No skal Tollvesenet varsle produsenten når piratkopiar er på veg inn i landet. Deretter har møbelprodusenten fem dagar på seg til å få stoppa piratkopien gjennom ei rettsleg avgjerd.

Glad for vedtaket

Toril Hagen i juridisk avdeling i Toll og avgiftsdirektoratet er glad for at stortinget vedtok lova i dag.

-Dette er vi veldig godt nøgd med. Slik det har vore har det enkelte gongar vore vanskeleg å sleppe gjennom varer som vi har mistanke om er piratkopiert.

Falske solbriller, sko, handvesker og motekle til ein vannvittig lav pris. Dei store merkevareprodusentane tapar millardar av kroner årleg på piratkopiane.

Sparar rettsapparatet

Leiaren for juridisk avdeling hos møbelprodusenten Stokke, Herleif Ulstein trur den nye lova kan føre til færre søksmål frå merkevareprodusentane i Norge.

- Dette kan nok spare ein del unødige prosessar i rettsapparatet og såleis kan lova også avlaste rettsapparatet, seier Ulstein.

Kan gjere noko

Stortingsrepresentant Marianne Åsen Agdestein (Ap) meiner Tollvesenet er betre rusta mot innføring av piratkopiar.

- Med denne lova kan Tollvesenet gjere noko konkret for å hindre piratkopiering, seier Agdestein.