Hopp til innhold

Tar lærdom av brannen

Ordførar i Aure, Ingunn Golmen meiner kommunen må ta lærdom av lyng- og grasbrannen i går kveld. Sjølv om mykje i kriseberedskapen fungerte, tok det for lang tid å opprette eit senter for dei 85 personane som blei evakuerte på Skardsøya. Golmen meiner dei må betre rutinane for dette i framtida.