Hopp til innhold

Tar ikkje sjansen på å rydde vegen

Fredag raste ein stor stein ut i vegbana mellom Fjørå og Tafjord. Dårleg ver gjer at Statens vegvesen truleg ventar til måndag med å rydde opp.

Ras mellom Fjørå og Tafjord

Statens vegvesen kan ikkje sjå bort frå at det kjem fleire ras på strekninga.

Foto: Steinar Sirevåg

På den rasutsette strekninga Nerhusstranda mellom Linge og Fjørå i Norddal raste den store steinen midt ut i vegen. Ingen personar kom til skade, men eit par bilar kom til rasstaden kort tid etterpå. Det har vore enorme nedbørsmengder det siste døgnet og også laurdag har det regna kraftig. Difor tar truleg ikkje Statens vegvesen sjansen på å starte oppryddinga før måndag.

– Strekninga er utrygg og vi kan ikkje sjå bort frå at det kjem fleire ras når det er så mykje vind og nedbør, seier Kåre Berge. Han er byggeleiar i Statens vegvesen.

Steinen er flytta litt på, slik at det er mogleg å passere både for brøytebil og større køyretøy. Staden er også godt merka.

Arne Sandnes t.h. og geolog Halgeir Dahle

Ordførar Arne Sandnes (t.h) meiner at det må løyvast meir pengar til rassikring.

Foto: Gunhild Sætre

Treng meir pengar

Ordførar Arne Sandnes (Sp) krev meir pengar til rassikring. Også torsdag var det eit steinras. Då vart 2000 personar i fem bygder isolerte etter ras mellom Liabygda og Linge. Ifylgje Sunnmørsposten har han skrive brev til både fylkeskommunen og Statens vegvesen og ber dei vurdere strakstiltak.

– Vi har steinsprang og ras oftare enn tidlegare. Dette er vegar som har mykje trafikk. Spesielt i turistsesongen, då kan det vere 10.000 menneske i kommunen i løpet av ein dag, seier han til avisa.