Hopp til innhold

Tapte sak om biller og husbukk

Eit sambuarpar frå Sunndal må ut med vel 400 000 kroner etter å ha gått til sak på grunn av biller og husbukk i eit eldre hus. Paret oppdaga skadedyra etter to år, men klagde først etter fire, og retten meiner difor kravet er forelda.