Hopp til innhold

Tapte millionsøksmål mot Nordea i lagmannsretten

Tone og Svein Henjesand vurderer å be Forbrukarrådet om hjelp til å kjempe i Høgsterett mot Nordea. Ekteparet har tapt nesten to millionar på valutalån, og hevdar dei blei lurte av banken.

Tone og Svein Henjesand

Tone og Svein Henjesand har tapt vel 1,7 millionar kroner på valutalånet dei tok opp for ti år sidan. Dei meiner banken burde frårådd dei eit slikt lån, og hevdar dei verken fekk forklart eller forstod risikoen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Tone og Svein Henjesand frå Haram på Sunnmøre tapte denne veka millionsøksmålet mot Nordea i Frostating lagmannsrett. Paret hevdar dei blei lurt av banken til å ta opp eit risikabelt lån i utanlandsk valuta, og vann saka i tingretten i fjor sommar. Men då Nordea anka saka, blei bevisa vurdert på nytt, og ekteparet frå Sunnmøre får ikkje medhald i den ferske dommen.

Tone Henjesand ser på feriehuset i Frankrike

Draumen om eit feriehus i Frankrike blei kostbar for Tone Henjesand. For å finansiere huset tok dei opp lån i sveitsiske franc, og har i ettertid tapt over 1,7 millionar kroner på det.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Vi er svært overraska og svært skuffa over lagmannsretten, seier ekteparet til NRK.

Må sjølv ta ansvaret for lånet

Under rettssaka forklarte dei to at dei ikkje fekk forklart eller forstod risikoen ved å ta opp valutalån i sveitsiske franc då dei kjøpte eit feriehus i Frankrike. Men dette ser retten bort frå:

«Lagmannsretten bemerker at Henjesands forklaringer fremstår som noe påfallende, og ser heller ikke bort fra at det kan ha inntrådt en endringsforskyvning».

I dommen blir det vist til fleire e-postar som retten meiner beviser at ekteparet forstod korleis valutalån fungerte, og at dei kunne tape store summar.

Medan tingretten konkluderte med at banken hadde gitt dei mangelfull rådgjeving, får no ekteparet sjølv ansvaret for resultatet.

Bankkrisa gjorde at den norske krona svekka seg kort tid etter at ekteparet hadde signert avtalen. Totalt har dei tapt over 1, 7 millionar kroner på lånet.

Meiner dommen er feil

Men ekteparet meiner dommen er feil, og vurderer å anke til Høgsterett, ikkje minst fordi dei meiner mange andre kan nyte godt av resultatet dersom dei vinn fram.

Jon-Andreas Lange

Jon-Andreas Lange, som er advokat for Tone og Svein Henjesand, meiner Høgsterett bør behandle striden mellom ekteparet og Nordea.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Vi meiner at råda frå banken har vore så dårlege og villeiiande at det ikkje burde vore lovleg i rettsstaten Noreg, seier ekteparet.

I den ferske dommen viser lagmannsretten til at avtalen som ekteparet signerte, opplyste spesifikt om risikoen ved valutalån. Advokaten deira meiner saka er prinsipielt viktig å få prøvd i Høgsterett.

– Lagmannsretten tek etter vårt syn feil når den meiner at risikoopplysningar i avtalen kan erstatte formell fråråding. Dette vil uthule det vernet som frårådingsplikta skulle gje forbrukarane, seier advokat Jon-Andreas Lange.

Vil vurdere saka på nytt

Ekteparet har tidlegare kritisert Forbrukarrådet for å ikkje støtte dei. Den gongen uttalte fagdirektør Jorge Jensen at dei må konsentrere seg om saker som betyr noko også for andre kundar. Han sa også at dei ville vurdere saka på nytt, dersom ekteparet tapte i lagmannsretten. Men heller ikkje no kan han love hjelp.

Jorge B. Jensen

Finansdirektør Jorge B. Jensen kan ikkje love at dei kan hjelpe ekteparet frå Sunnmøre i ein eventuell ny runde i Høgsterett.

Foto: Kjell Håkon K. Larsen

– Vi treng meir tid på å vurdere dommen, og vil vurdere denne saka på linje med andre førespurnader av denne typen, seier fagdirektør Jorge B. Jensen i Forbrukarrådet.

Kommunikasjonssjef Synne Ekrem i Nordea skriv i ein e-post at dei er tilfredse med at banken er frifunnen, og ikkje ønskjer å gje ytterlegare kommentarar.

Les også: