Hopp til innhold
Svein og Tone Henjesand
Foto: Synnøve Hole / NRK

Tapte millionar på valutalån

Oppsummert

Tone og Svein Henjesand frå Haram har tapt omlag to millionar på valutalån, og hevdar dei ikkje forsto risikoen då dei inngjekk avtalen med Nordea. Dei vann rettsaka i tingretten, men tapte i lagmannsretten. Høsterett aviste parets anke.

  • Høgsterett avviser anke

    Høgsterett vil ikkje behandle ankesaka til eit ektepar frå Haram, som har tapt om lag to millionar på valutalån. Paret meiner dei ikkje forstod risikoen ved å investere i valutalån, og skulda banken for dårleg rettleiing. Dei vann saka i tingretten, men tapte i lagmannsretten og meinte saka var så prinsipiell interessant at høgsterett burde vurdere ho. Det avviser høgsterett, og Nordea har dermed vunne saka.

  • Ankar til høgsterett

    Tone og Svein Henjesand frå Haram ankar til høgsterett etter at dei tapte ei sak mot Nordea i lagmannsretten nyleg. Ekteparet hevdar dei ikkje forsto risikoen ved å investere i valutalån, og vann fram i tingretten, men fekk ikkje medhald i neste instans. Til saman har dei tapt omlag to millionar kroner, og meiner domen i lagmannsretten er tilfeldig og feil. Nordea ønskjer ikkje å kommentere anken.

  • Hevdar dei aldri forsto risikoen

    Tone og Svein Henjesand frå Haram meiner dei aldri forsto risikoen ved å inngå valutalån med Nordea i 2008. Det kom fram i retten i dag. Ekteparet har tapt omlag to millionar på lånet, og vann fram i tingretten i fjor mot banken. Frostating lagmannsrett behandlar no ankesaka, og Nordea meiner kravet er forelda. Fleire tusen nordmenn har valutalån, men fleire bankar har dei siste åra slutta å tilby dette på grunn av høg risiko.

    Tone og Svein Henjesand
    Foto: Synnøve Hole / NRK
  • Meiner krav frå ektepar er forelda

    Nordea Bank la tysdag føremiddag ned påstand om frifinning i ankesaka mot eit ektepar frå Haram. Ekteparet gjekk til sak etter å ha tapt rundt to millionar på valutalån, og vann saka i tingretten i fjor. Der konkluderte retten med at banken burde frårådd lånet og karakteriserte det som eit høgrisiko-prosjekt. Nordea sin advokat, Arne Tjaum, meiner kravet er forelda, og la ned påstand om at ekteparet betalar banken sine sakskostnader. Det er sett av fire dagar til saka.

    Arne Tjaum
    Foto: Synnøve Hole / NRK