– Vi må sjølv ta ansvar

Kristiansund Arbeidarparti må sjølv ta ansvar for at dei tapte kampvoteringa for å få gruppeleiar Bjarne Elde på tredjeplassen til fylkestinglista.

Kampvotering nominasjon AP Møre og Romsdal.

Arbeidarpartipolitikar Steinar Høgsve frå Kristiansund meiner dei sjølv må ta ansvar for at dei tapte kampvoteringa.

Det vedgår Steinar Høgsve, etter at fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen frå Rauma, vann kampen om tredjeplassen på fylkestinglista laurdag.

Shake hands etter kampvotering

Fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen og gruppeleiar Bjarne S. Elde tek kvarandre i hendene etter litt vond kampvotering der Kjølmoen blei vinnar.

Foto: Gunnar Sandvik / nrk

– Resultatet hadde blitt eit anna dersom vi hadde vore fulltalige, så Kristiansund arbeidarparti er grunnen til at det gjekk som det gjekk, seier Høgsve.

Leiar i Møre og Romsdal Arbeiderparti, Per Vidar Kjølmoen frå Rauma, vant knipent kvoteringskampen mot partiets gruppeleiar i inneverande periode, Bjarne S. Elde frå Kristiansund, som måtte nøye seg med 5. plass. Stammetalla var 63 mot 61.

Mistillit

På nominasjonsmøtet til Arbeidarpartiet i Molde laurdag møtte nemleg ikkje tre av delegatane frå Kristiansund, og dermed vann Romsdal kampen om tredjeplassen på fylkestinglista.

AP nominasjonsmøte i Molde

Nominasjonsmøtet til Arbeidarpartiet gjekk av stabelen i Molde laurdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dei to fyrste plassane på lista gjekk gjennom med akklamasjon – fylkesordførar Jon Aasen frå Vanylven på topp og Tove-Lise Torve frå Sunndal på andreplass.

Arbeidarpartipolitikar Steinar Høgsve frå Kristiansund meiner dette er ei degradering av Bjarne Elde, som måtte nøye seg med femteplassen.

– Det kan ikkje oppfattast som stort anna enn ei degradering av ein hardtarbeidande sittande gruppeleiar per i dag, og eg syns det er synd at han ramla ut, seier Høgsve.

– Er det mistillit?

– Delvis kan det oppfattast som mistillit. Kjølmoen vil sikkert gjere ein god jobb, men eg syns dette er ein dårleg måte å gjere det på, seier Høgsve.

Skuffa

Bjarne Elde meinte på si side at vedtaket ikkje tyda på mistillit.

– Ut ifrå den debatten vi har hatt, så ser eg ikkje på det som mistillit. Det var eit såpass tett løp og ganske mange som gav støtte til mitt kandidatur, seier han.

Per Vidar Kjølmoen

Per Vidar Kjølmoen hadde blanda kjensler etter sigeren.

Foto: Gunnar Sandvik / nrk

Likevel måtte han innrømme at han var skuffa over utfallet.

– Ja, eg er skuffa. Skuffa fordi eg har gjort ein gruppeleiarjobb som eg meiner har vore rimeleg god, og då syns eg det er merkeleg at eg ikkje fekk honorering for det.

Fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen hadde blanda kjensler etter at han gjekk av med sigeren i kampen om tredjeplassen på fylkestinglista.

– Det var ikkje med stor lyst eg stilte kandidat mot Bjarne. Han har vore ein veldig god gruppeleiar for Arbeidarpartiet, seier Kjølmoen.

– Men det var kampvotering og den vant eg, og det er eg glad for, men eg har blanda kjensler, held han fram.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.