Tapte i lagmannsretten

Grunneigarar i Eide tapte ankesaka i Frostating lagamannsrett om millionerstatning frå bedrifta Hustadkalk. Hustadkalk har selt steinen eklogitt utan å gje grunneigarane del av gevinsten, og dermed gjekk dei til sak tidlegare i år. Grunneigarane tapte i tingretten, og har altså også tapt i lagmannsretten. No må dei betale nærare 500 000 kroner i sakskostander til Hustadkalk.