Hopp til innhold

Ville ha redusert straff, tapte i lagmannsretten

To menn frå Sunnmøre prøvde å få redusert straff og anka dommen frå Sunnmøre tingrett. No har dei tapt anken i Frostating lagmannsrett og dommen blir dermed ståande.

Gamle Ålesund tinghus, no politihuset

Ankesaka blei behandla i Frostating lagmannsrett i Ålesund i midten av mai.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Det var i januar 2016 at dei to mennene i 30-åra blei dømt til fengsel. Den eine i fire år og ni månader, den andre i fem år og ni månader for ein rekke lovbrot.

Anken kom opp i Frostating lagmannsrett i mai i år, men blei avvist av retten.

Omfattande sal av narkotika

Den eine mannen var i den opphavlege dommen frå Sunnmøre tingrett dømt til fengsel i fem år og ni månader for omfattande distribusjon og sal av narkotika. Mannen i midten av 30-åra skal mellom anna ha selt amfetamin, hasj, ecstasy, Rivotril og Rohypnol.

Han må også tole inndraging av nesten 500.000 kroner som retten meiner stammer frå narkotikaverksemd.

Heldt kvinne fanga

Den andre mannen, som er i starten av 30-åra, blei også dømt for distribusjon og vidaresal av narkotika.

Han er i tillegg dømt for vald og truslar mot fleire personar. Mannen var i den opphavlege dommen dømt for mellom anna knivstikking etter at han stakk ein kniv inn i kneet på ein mann som skulda han pengar for narkotika. Han skal også ha kome med truslar mot foreldra til denne mannen for å få pengane.

I januar 2015 trua han også med å ta livet av seg sjølv og ei kvinne han heldt fanga på eit hotell i Ålesund. Det førte til ein væpna aksjon der politiet måtte forhandle med mannen for at han skulle frigjere kvinna. Han blei også dømt for å ha trua med å drepe sin tidlegare sambuar og hennar nye kjærast.

Han fekk opphavleg strafferabatt for å ha tilstått narkotikasalet og for å ha hjelpt politiet i oppklaringa av saka.

Forsvararen til mannen meinte at han i tillegg burde få mindre straff fordi han samtykka til varetektsfengsling utan munnlege forhandlingar. Retten avviste dette og straffa på 4 år og ni månader blir dermed ståande.

Dei to dømde mennene kan no vurderer om dei vil anke saka vidare.