Hopp til innhold

Tap for Molde og AaFK

Både Aalesunds FK og Molde tapte kampane sine onsdag kveld.

Molde-VIF

Molde med ein av sine mange sjansar under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Vålerenga på Aker Stadion i Molde onsdag kveld.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Molde tok i mot Vålerenga heime på Aker stadion, men fekk ikkje den same oppturen som borte mot AaFK sist helg.

Til pause låg Molde under 1-0, etter at ei keepertabbe førte til skåring av Dawda Leigh.

Andre heimetap

Heller ikkje i andre omgang greidde MFK å hente inn forspranget. Derimot auka Freddy dos Santos leiinga for VIF berre fire minutt inn i omgangen.

Etter 79 minutt fekk også Bojan Zajic nettkjenning for bortelaget, og dermed vart det 3-0-tap for Molde på heimebane.

Dårleg dag for dei oransje

AaFK-Strømsgodset

Aalesunds Jonathan Parr og SIFs Steinar Pedersen under eliteseriekampen i fotball mellom Strømsgodset og Aalesund i Drammen onsdag.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Aalesunds FK besøkte Drammen onsdag kveld. Der vart Strømsgodset eit nummer for store, og dei oransjekledde reiste heim utan poeng.

Godset gjekk opp i leiinga etter 25 minutt, då Fredrik Winsnes skåra på straffespark. Den stillinga heldt seg til pause, og 20 minutt ut i andre omgang, då Steffen Nystrøm auka til 2-0 på Marienlyst.

Det var også stillinga til slutt.