Hopp til innhold

Tap for Molde Elite

Molde Elite låg under med åtte mål til pause då dei møtte Larvik på bortebane i kveld. I andre omgang greidde dei å hente seg inn igjen litt, men kampen enda til slutt 30–26 til Larvik. Mona Obaidli scora flest mål for Molde og fekk seks ballar i motstandarmålet. Molde Elite ligg på ein tredjeplass på tabellen i eliteserien.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL