NRK Meny
Normal

Tap for MFK og AaFK

Både Molde og Aalesund tapte sine kampar søndag kveld.

Tornekrattet på Aker stadion.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Molde tapte 1-2 heime mot Bodø/Glimt. Bodø/Glimt tok leiinga allereie 7 minutt ut i kampen, og auka til 2-0 når 48 minutt var spelt.

Øyvind Gjerde reduserte etter 75 minutt, men Molde gjekk av heimegraset utan poeng.

Tøft i Tromsø

Aalesund spelte mot Tromsø på Alfheim, og hadde heller ikkje hellet med seg søndag kveld.

Sjølv med fem målsjansar greidde ikkje AaFK å skåre mot Tromsø. I staden skåra heimelaget når 66 minutt var spelt.

11 og 13

Aalesund ligg no på nest siste plass med 14 poeng. Dermed er dei berre tre poeng framfor HamKam, og på kvalifiseringsplass.

Molde ligg på ellevte plass, med like mange poeng som Lillestrøm på plassen bak.