Hopp til innhold

4000 liter diesel rann ut av tankbilen

Omlag 4000 liter diesel rann ned i grunnen etter at ein tankbil velta ved E39 på Digerneset i Skodje måndag ettermiddag. Politiet veit førebels ikkje årsaka til velten.

Tankbilvelt
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Politiet stengde måndag ettermiddag E39 ved Digerneset i Skodje etter at ein tankbil velta, og det danna seg lange køar. Klokka 19.40 meldte politiet at bilen er tømt og at omlag 4 000 liter rann ut i grunnen.

Det er ein diesellekkasje frå bilen, den renn ut, og for at det ikkje skal antenne har vi laga ei tryggleikssone på 100 meter rundt bilen, sa operasjonsleiar Magne Tjønnøy litt tidlegare på kvelden.

Ragnvald Ramussen

Innsatsleiar Ragnvald Rasmussen seier dei førebels ikkje veit kvifor tankbilen hamna i grøfta.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Innsatsleiar Ragnvald Ramussen kunne måndag kveld ikkje seie kvifor tankbilen hamna i grøfta. For å vere på den sikre sida oppretta dei ei tryggleikssone.

Skal ha vore lasta med 12 000 liter

Både politiet, helsevesenet og brannvesenet rykte ut etter meldinga om at tankbilen velta, og ei stund såg det ikkje ut for at det var enkelt å stanse lekkasjen. Bilen inneheldt ifølgje politiet 12 000 liter diesel.

– No skal dieselen pumpast over frå bilen som er utfor vegen og over i ein ny tankbil, sa Rasmussen måndag kveld.

Ingen blei skadde som følgje av at tankbilen velta.

Ba folk køyre rundt

Kø ved Digerneset i Skodje

Det er måndag ettermiddag lange køar ved Digerneset i Skodje etter at ein tankbil med diesel har velta.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det var ei stund lange køar i området, og politiet ba då folk om å køyre riksveg 661 via Skodje sentrum eller riksveg 656 Glomset.

Eg er redd det tek ei god stund, det er vanskeleg å seie, sa Tjønnøy måndag ettermiddag.

Digerneset2

Politiet fekk melding om at ein tankbil med diesel har velta like etter klokka 17.

Laster Twitter-innhold