Eksplosjonsfaren er over etter tankbilvelt

Det var fare for at ein tankbil med oksygen skulle eksplodere på øya Tustna på Nordmøre. Naboane blei evakuerte.

Tankbil velta i Aure

Ein tankbil med gass har velta i eit bustadområde på Tustna på Nordmøre. Dei næraste husa er evakuerte.

Foto: Kristian Birkelund

Ein tankbil med oksygen velta på fylkesveg 680 i bygda Leira i 14-tida tysdag. Tankbilen blei liggande i grøfta, like ved eit bustadområde. Det var mistanke om ein gasslekkasje og dermed fare for eksplosjon. Politiet oppretta ei tryggleikssone på 300 meter. Dei som budde innanfor sona blei evakuerte og samla på Leira barneskole. Kommunen sette også krisestab.

Tankbilvelt på Tustna

Det vil ta rundt tre timar å tømme tankbilen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vegen har vore stengd i begge retningar i timevis. Arbeidet med å tømme tankbilen vart forseinka, men i 20-tida opplyste politiet at faren for eksplosjon var over. Dermed kunne bebuarane dra heim.

– Det har lekt ut litt oksygen, seier operasjonsleiar Svein Harsjøen ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Var det dramatisk?

– Ingen blei skadde, men det har vore ein viss fare for eksplosjon. Vi vart råda til å evakuere folk og gjorde det for å vere sikker, seier Harsjøen.

No blir oksygenet flytta frå den velta tankbilen til ein annan tankbil. Dette arbeidet skal vere ufarleg.

Vegen blir stengt til bergingsbilen har fått tankbilen opp av grøfta.

Politiet veit ikkje kva som er årsaka til at bilen velta.

Øya Tustna ligg i Aure kommune, utanfor Kristiansund i Møre og Romsdal.