Hopp til innhold

Tankbil hamna på taket

Ein tankbil hamna søndag morgon utfor vegen i Bjørkedalen i Volda.

Tankbil utfor vegen i Bjørkedalen

Ferda til tankbilen som var på veg frå Nordfjordeid mot Ålesund enda i Bjørkedalen.

Foto: Ingvild Anna Løset

Tankbilen som var på veg frå Nordfjordeid mot Ålesund miste festet på den glatte vegen i Bjørkedalen i Volda og hamna i grøfta.

Sjåføren blei sendt til legevakta, men blei ikkje alvorleg skadd, opplyser politiet.

Glatte vegar

Tankbilen blei liggande på taket to meter utfor vegen like før Bjørkedalsvatnet.

– Politiet som har vore der etter ulykka seier at der er svært glatt, sa operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, John Kåre Flo til NRK etter ulukka.

Den norskregistrerte tankbilen frakta oksygen, og måtte tanken måtet difor tømmast før bilen kunne flyttast.

Tankbil utfor vegen