Hopp til innhold

Tangering av karrierebeste for Mowinckel

Ragnhild Mowinckel frå Molde køyrde inn til ein 24.plass og tangering av karrierebeste i fredagens utforkøyring i Cortina d'Ampezzo.

Ragnhild Mowinckel

Ragnhild Mowinckel frå Molde gjorde eit bra renn i italienske Cortina fredag.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

Som einaste norske utøvar vart Ragnhild Mowinckel frå Molde nummer 24 i verdscuprennet i utfor i Italia fredag føremiddag.

Berre ein gong før har alpinisten frå Rival fått ei like god plassering i utfor.

Frå start nummer 32 køyrde Mowinckel inn til 1.10,99, noko som heldt til 24.-plass og tangering av karrierebeste i utfor. Ho hadde også den samme plasseringa i utforen i Val d'Isere for to helgar sidan.

Vinnaren vart italienske Elena Fanchini.

Verdscupen for kvinner held fram i Cortina både laurdag og søndag.

Rennet i Cortina d'Ampezzo fredag er ei erstatting for det avlyste rennet frå Bad Kleinkirchheim sist helg.