Arrangementet har vore ein stor suksess for Dimna IL, men ikkje minst for supertalentet Karsten Warholm. I dag avslutta han med suverent gull på 200 meter som er tangering av årsbeste i verda. Kenzo Kotten frå USA er den andre som har tida 21,05 så langt i år i denne årsklassa innandørs.
I tillegg er dette den nest beste tida innandørs på 200 meter av ein norsk utøvar nokon gong. Berre legendariske Geir Moen har betre. Og om ikkje det er nok: Karsten Warholm persa ikkje berre innandørs på 200 meter, tida er også betre enn bestenoteringa han har utandørs, fortel trenar Arve Hatløy til NRK.
Også i lengdegropa var Warholm suveren med eit hopp på 7,49 meter, fattige ein centimeter bak persen. Nestemann på resultatlista kom ikkje over sju meter.
På stafetten, 4x200 meter, stilte også Dimna lag og kom inn på ein 3.plass med Karsten Warholm på andre etappe, men løparen på første etappe hadde gjort ein teknisk feil som gjorde at laget frå Dimna vart diska.
Alt i alt er Warhom strålande fornøgd med sju gull i UM og fleire sterke resultat, ikkje minst på 60 meter og 200 meter.
Også på den siste dagen av meisterskapen var det fleire andre gode lokale resultat. Desse kan ein finne ved å gå inn på heimesida til arrangøren http://www.nmdimna.no/
Arrangøren Dimna meiner det var eit nærast prikkfritt stemne. Leiar for hovudstyret i Dimna idrettslag, veteranen Olav Hansen, seier det er naturleg for dei å søke om å få arrangere senior-NM innandørs på sikt med den nye Ulsteinhallen som base.