Hopp til innhold

Talet på ferjeulukker tredobla

Talet på ferjer som kolliderer med kaier eller går seg på land er tredobla på fem år. Det viser ein fersk rapport frå Sjøfartsdirektoratet. Tala uroar både direktoratet, reiarlag og sjømannsorganisasjonar.

Video Ferjer krasjar stadig oftare

Bilferja Melshorn krasja i moloen på Hareid i 2006. Seinare er talet på slike krasj tredobla.

Ferjene går tett i tett langs norskekysten, og er livsnervar i eit land der fjordar og havstykke må kryssast. Men stadig oftare kjem meldingane om at ferjer har krasja med kaiene eller køyrer opp i fjøresteinane.

I 2006 blei det registrert 7 saker der ferjer hadde kollidert med land. I 2010 kom talet opp i 19.

Ulukker med ferjer

Slik har talet på ferjeulukker utvikla seg. Utviklinga har gått frå 7 saker i 2006 og jamt opp til 19 i 2010.

Foto: NRK
Tresfjord ferje krasj

Slik såg det ut på bilferja Tresfjord etter ein krasj i kaia på Furneset.

Foto: Steinar Reiten

Ferjekaia på Hundeidvika.

Dette er ferjekaia i Hundeidvika etter at ferja har krasja og skadd lemmen.

Foto: Arve Garli
Olav Akselsen

Sjøfartsdirektør Olav Akselsen er blant dei som er uroa over situasjonen.

Foto: NRK
Trond Dyb

Trond Dyb er rådgjevar i Norsk Sjøoffisersforbund.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Anker Grøvdal

Anker Grøvdal er administrerande direktør i Fjord1, MRF.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Oddvar Holm

Oddvar Holm seier at moderne teknikk ikkje har teke over arbeidet til folka som jobbar om bord.

Foto: Brede Røsjø / NRK
– Vi er uroa over oppgangen. Men vi ser ikkje nokon klar årsakssamanheng. Vi berre konstaterer at det har vore ei negativ utvikling. Dette har vi teke opp med reiarlaga fleire gonger, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

– Reiarlaga sparar pengar

Fleire har likevel prøvd å finne forklaringar på kvifor det skjer stadig fleire uhell med ferjene. Norsk Sjøoffisers forbund, som er organisasjonen til navigatørane, legg skulda mellom anna på anbodssystemet.

I dette systemet ser reiarlaga at dei må spare pengar. Det enklaste blir då å redusere mannskapet. På den måten byggjer dei ned tryggleiken, seier Trond Dyb, rådgjevar i Norsk Sjøoffisersforbund.

Reiarlaga avviser denne forklaringa på dei mange kollisjonane. Fjord1 er eitt av dei største reiarlaga som driv ferjer langs norskekysten.

Det er Sjøfartsdirektoratet som fastset bemanninga på fartya. Ingen reiarlag driv med lågare bemanning enn det som er fastsett, seier Anker Grøvdal, administrerande direktør i Fjord1 MRF.

– Mennesket framleis viktig

Ferjene har blitt stadig større og større, teknologien meir og meir avansert, overvakinga og kontrollsystema stadig betre. Men når det oppstår ein akutt situasjon er det framleis mennesket som styrer skuta som må gripe inn.

Vel, eg har aldri sett at radaren har fått ferja til å gå bakover, heller ikkje kartmaskina. Loggen bremsar heller ikkje ferja om det skulle skje noko. Når eg står på brua er det berre eg og eg åleine som styrer ferja, seier skipper og tillitsvald i Norsk Sjøoffisersforbund, Oddvar Holm.

– Distrahert av papirarbeid

Ferjeførarane må også ta stadig meir papirarbeid, hevdar Norsk Sjøoffiseresforbund. Dette kan distrahere, meiner forbundet.

Dei blir så pressa at dei ikkje føler seg særleg komfortable. Vi har sendt inn 30 bemanningsklager til Sjøfartsdirektoratet. Vi meiner det er for lite bemanning på fleire av skipa. Men vi har ikkje fått medhald i ei einaste av desse klagene , seier Trond Dyb.

Sjøfartsdirektøren lovar at han vil sjå på denne saka på nytt. Han legg likevel mykje av ansvaret over på reiarlaga.

Vi meiner at vi tek dette på alvor. Og vi har sagt at vi skal gjennomgå bemanningsreglane på nytt. Samstundes er det slik at det er reiarlaga og dei som driv båtaktivitet som har ansvaret for at dette skjer på ein trygg og sikker måte, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL