Hopp til innhold

Suksess med fotballakademi

Då Akerakademiet vart etablert for fem år sidan hadde Molde Fotballklubb kanskje ein spelar på aldersbestemte landslag. No har klubben ni !

Ungdomar i trening på Akerakademiet

Torsdagsøkt i Akerhallen for unge MFK-talent.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Det har aldri vore større sjanse enn no å kome med på MFK sitt eliteserielag for unge, lokale talent. Det meiner Odd Berg. Gammal MFK-helt, som var toppscorar i gamle 1.divisjon i 1974, og som har trent lag i klubben i ei årrekke (inkludert A-laget).

Odd Berg

Odd Berg, engasjert trenar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Molde si besvisste satsing på utvikling av eigne talent har mange sider. Det handlar mellom anna om økonomi. Det er billigare å fostre fram eit talent sjølv enn det er å kjøpe ein ebtalert spelar for fleire millionar kroner.

Eit anna viktig moment er den lokale identiteten. Spelarar som Magnus Wolff Eikrem og Daniel Berg Hestad er særleg viktige for klubben og fansen, nettopp fordi dei er lokale.

Viktige grunnar

Molde har to-tre viktige grunnar til suksessen med talentutvikling. Pengane som Aker skyt inn er sjølvsagt overordna viktig. Dessutan: Gamle eliteseriespelarar er med som trenarar for ungdomane. Namn som Odd Berg, Trond Strande, Are Lervik, Thomas Mork og Petter Rudi er på lønningslista til klubben for å hjelpe talenta på veg.

Andreas Hollingen er eitt av talenta. Han seier gode trenarar er avgjerande, men

Andreas Hollingen

Andreas Hollingen.

Foto: Arne Flatin / NRK

også det gode miljøet spelarane i mellom. Hollingen er ein av dei ni frå MFK som spelar på aldersbestemte landslag.

- Eg går på toppidrettsklassen som går over fire år, så vi har litt meir tid til både trening og skule. Målet mitt er å debutere i Eliteserien så fort som muleg i Molde-trøya.

Solskjær-effekt

Effekten av at Ole Gunnar Solskjær er i MFK er også ein vesentleg faktor til suksessen. Solskjær er som ein magnet på unge talent. Ørjan Valstrand frå Hemne er ein av desse som la vekt på at nettopp Solskjær var i MFk då han valde

Ørjan Valstrand

Ørjan Valstrand.

Foto: Arne Flatin / NRK

klubb. I tillegg kjenner han godt sambygdingane Magnus Stamnestrø og Vegard Forren.

- Det er veldig god utvikling og god kamparena i 2.divisjon og i NextGen serien for juniorlag. At det går an å trene ekstra på dagtid tilpassa skulearbeidet er også veldig viktig, seier Valstrand.

Ni landslagsspelarar

Are Lervik er dagleg leiar for Akerakademiet. Han er fornøgd med utviklinga klubben har hatt dei fem åra som har gått sidan akademiet vart etablert.

Are Lervik

Are Lervik, dagleg leiar for akademiet.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Vi føler at vi er på god veg og at vi nærmar oss der vi skal vere. Vi prøver heile tida å utvikle oss vidare, og etter at Ole Gunnar og teamet hans kom har det vorte utvikla ytterlegare. Dei har mykje kunnskap på detaljnivå om unge spelarar og det er gode diskusjonar mellom trenarane som overfører dette til spelarane.

Samanlikna med andre klubbar i landet ligg MFK langt framme i arbeidet med talentutvikling, meiner Lervik.

- Det er sikkert mange som er på same nivå som oss, men vi driv på den måten vi meiner er best og er godt fornøgd med den utviklinga vi har hatt.

Molde FK samarbeider også med Nordmøre og Romsdal fotballkrets og ein gong i veka kjem det spelarar frå ulike klubbar i krinsen som får prøve seg i Molde-miljøet.