Hopp til innhold

Talent kan miste EM

EM-deltakinga i friidrett til Simon Rønsholm Sandvik er i fare.

Sprinteren Simon Rønsholm Sandvik

SPRINTAREN: Simon Rønsholm Sandvik (19) har skada seg kort tid før EM.

Foto: Picasa 2.7

19-åringen frå Molde fall og skada seg i ein sprintstafett i går kveld.

Uheldig på trening

Rønsholm Sandvik har kvalifisert seg til meisterskapen etter fleire sterke løp den siste tida. Han er tatt ut til stafettlaget som skal springe 4 x 100 meter under EM i Barcelona.

LES MEIR: Her er Norges endelige tropp i EM

LES MEIR: Moldensar slo sprintrekordar

Men tysdag var uhellet ute.

19-åringen sprang tredje etappe for sprintlandslaget, og falt i vekslinga til Jaysuma Saidy Ndure.

Får vite i dag

Ei undersøking hjå Olympiatoppen i dag vil avgjere kor alvorleg skaden er.

Då vert det også klart om Rønsholm Sandvik kan vere med på Noreg sitt stafettlag under Europameisterskapen i friidrett i Barcelona i månadsskiftet.