NRK Meny

Takst-tabbe for Fjord1

Fjord1 har teke feil takst i billettsystemet på køyretøy frå 10-12 meter i Møre og Romsdal, i perioden 1.1.2016 til 5.1.2016. Det går fram av ei melding på heimesidene til selskapet. Kundar som har kjøpt billett for kjøretøy frå 10-12 meter og fått feil pris kan ta kontakt med Fjord1 og få refundert beløpet som er feilbelasta.