NRK Meny
Normal

– Nøgd med innsatsen

Rune Haram opplevde tysdag at det eine bygget på garden hans stod i brann, og han er særs nøgd med innsatsen til brannvesenet.

Brann haramsøya

Rune Haram er særs nøgd med innsatsen til både brannvesenet og naboar etter at han opplevde brann på garden.

Foto: NRK-TIPSAR

Rundt 13.30 tysdag vart det meldt om brann, og tre timar etter var brannen sløkt. Med over 7500 høner og med 1600 storfe på garden, så er Haram særs nøgd med at ingen av dyra kom til skade.

– Brannkorpset og naboar kom veldig raskt til, det gjekk ganske raskt å få rulla ut slangar og å få lagt ut pumpe i sjøen, pumpe opp sjøvatn, og å byrje og spyle, seier Haram til NRK.

Det om lag 65 meter lange bygget som brann stod tomt, men det hang saman med eit eldre bygg som brannen spreidde seg til. For å hindre at brannen skulle spreie seg til fleire driftsbygningar måtte delar av bygget rivast med hjelp av traktor.

– Det var det naboar som hjelpte til med, og dei hjelpte òg til med å få evakuert dyra, seier Haram.

Takksam for hjelpa

Både Flemsøy, Skuløy, og Haramsøy brannkorps kom til staden for å sløkke brannen, og Haram seier han er nøgd med dei som var på staden.

– Det var ein fantastisk innsats frå brannkorpset, ein fantastisk innsats frå naboar, politiet var på øya i andre ærend så dei var òg raskt her, seier Haram.

– Eg er både nøgd, takksam og imponert over innsatsen til dei som var der, legg han til.