NRK Meny
Normal

Takkar naboane for hjelpa då hytta brann ned til grunnen

Ekteparet frå Langevågen i Sula takkar for all hjelp etter at hytta deira brann ned til grunnen ved midnatt. Ingen veit førebels årsaka til den kraftige brannen.

Hyttebrann i Stranda

Måndag ettermiddag sto berre reisverket igjen av den store hytta på Strandafjellet. Ingen har førebels konkludert med årsaka til brannen.

Foto: privat

Det vart ein nyårskveld heilt utanom det vanlege for ekteparet frå Langevågen i Sula. Då klokka nærma seg midnatt, gjekk dei ut på verandaen på hytta si på Strandafjellet i lag med dei tre gjestene sine.

Hyttebrann på Strandafjellet

Flammane frå hytta i brann lyste opp Fursetreset på Strandafjellet nyttårsnatta.

Foto: Tipsar

Fem-ti minutt seinare høyrde dei brannalarmen og snudde seg. Det synet som møtte dei då, gløymer dei ikkje.

– Då dei snudde seg såg dei at stova var i full fyr, og då dei opna døra inn, verka det som om brannen eksploderte, fortel svigerdottera til NRK.

Ekteparet som eig hytta, vil ikkje sjølve snakke med NRK. Dei har hatt hytte på Fursetreset på Strandafjellet i mange år, og har hatt den siste i om lag ti. Dei fortel via svigerdottera si at dei ikkje skjønar kva som kan vere årsaka til brannen.

Takkar naboane for hjelpa

Då brannen var eit faktum, skal det heile ha utvikla seg raskt, og dei fem personane som hadde feira overgangen til det nye året, måtte rømme hytta. Då strøymde hyttenaboar til frå alle kantar.

Hyttebrann i Stranda

Alle dei fem som var inne i hytta nyttårskvelden, kom seg velberga ut. Men hytta er totalskadd. Først tysdag er det kaldt nok til at teknikarar kan gå inn for å prøve å finne årsaka.

Foto: privat

– Dei er svært takksame for alle hyttenaboane som strøymde til med teppe og tøflar og husrom, seier svigerdottera.

Ekteparet fekk husly hos det eine veneparet.

Befalsvakt Tore Vassbotn i Stranda brannvesen, gir ros til naboane som hjelpte dei brannråka.

Brannruin av hytte på Strandafjellet

Berre delar av tømmeret viser att etter flammane i natt.

Foto: Stranda brannvesen

– Det er svært prisverdig at naboane trør støttande til med varmt hus og omsorg når noko slikt skjer. Slike naboar er kjærkomne, seier Vassbotn.

Veit ikkje årsaka til brannen

Hytta blei raskt overtent og brann ned til grunnen. Måndag står berre deler av reisverket igjen, og brannvesenet har vore tilbake fleire gongar i løpet av dagen for å drive ettersløkking, og for å halde auge med branntomta.

– Sjølv om det ikkje er fare for at ei eventuell oppblussing skal spreie seg til andre hytter i området, vil vi vere på plass vidare utover og følgje med, seier Tore Vassbotn måndag ettermiddag.

Brannruin på etter hyttebrann på Strandafjellet

Branntomta er framleis så varm at det førebels ikkje er råd for brannmannskap eller politi å ta seg inn i ruinane.

Foto: Stranda brannvesen

Politiet seier at det førebels er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen. Først tysdag er det kaldt nok til at dei kan sende teknikarar inn i tomta.

.