Hopp til innhold

Avgjerd om å skru av respirator utsett - familien takkar for støtta

Dei pårørande til den ALS-sjuke mannen i Ålesund takkar for støtta etter at det blei kjent at legane ønskte å avslutte behandlinga.

Pål Bakke

Pål Bakke er talsmann for familien til den ALS-sjuke pasienten og seier det har vore ei svært tung veke.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Pål Bakke, som er talsperson for familien til den ALS-sjuke pasienten, seier responsen i dag har vore enorm.

– Det har vore ei fantastisk støtte overalt. Folk kan ikkje begripe det som har skjedd, det er uverkeleg. Støtten varmar for familien, seier Bakke.

Torsdag ettermiddag var han i møte med helseføretaket, saman med familien, og seier at dei no kjenner seg trygge på at avgjerda er utsett inntil vidare.

– Tunge dagar

NRK fortalde tidlegare i dag om familien som hevdar dei sist veke fekk uventa beskjed i eit møte om at den livsviktige respiratoren til faren kom til å bli skrudd av.

Familien ønskjer ikkje å stå fram, men seier det har vore svært tunge dagar.

– For dei ramla verda saman, det har vore den verste veka i livet. Det er ubegripeleg at ein berre kan gjere slik, at ein kan få ein kynisk beskjed om at ein skrur av ein respirator til ein som kan svare ja og nei og ønskjer å leve sjølv, seier Bakke.

Utfordrar helseministeren

Helseminister Bent Høie (H) ønskjer ikkje å kommentere saka, og det gjer heller ikkje leiaren i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Olaug Bollestad (KrF).

Men nestleiar Kjersti Toppe (Sp) seier ho vil stille Høie spørsmål om problemstillinga i Stortinget.

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe (Sp) i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget vil no be statsråd Bent Høie om svar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er eit politisk ansvar å sørge for at det på alle sjukehus er gode prosessar og system rundt slike etiske avgjersler, og det er eg ikkje sikker på at det er i dag. Derfor vil eg stille helseminister Høie eit spørsmål om akkurat dette, at han kan sikre at det skjer, seier ho.

Tidlegare i dag blei det kjent at reaksjonen frå dei pårørande gjer at helseføretaket no utset avgjerda, og at saka blir behandla i den klinisk etiske komiteen der.

Både Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Pasient- og brukarombodet i fylket er orienterte om saka.

Vi gjer merksam på at sonen som uttalar seg i saka er tilsett i ein av redaksjonane i NRK.

.