Hopp til innhold

Takkar for at det ikkje gjekk verre i natt

Varaordførar Berit Storholt Flåtten takkar det lokale brannvesenet for at den 140 år gamle trekyrkja ikkje brende ned til grunnen i natt.

Spiret litt i grusen

Spiret, som viser at trekyrkja i Rindal blei bygd i 1873, ramla ned frå Rindal kyrkje under brannen natt til laurdag.

Foto: John J. Storholt

Varaordførar Berit Storholt Flåtten meiner det lokale brannvesenet gjorde ein formidabel innsats då dei i to-tida natt til laurdag fekk melding om at den gamle trekyrkja brann.

Berit Storholt Flåtten

Varaordførar Berit Storholt Flåtten takkar det lokale brannvesenet for at brannen i Rindal kyrkje ikkje gjorde større skadar.

Foto: privat

Det er veldig trist når slikt skjer. Og så skal vi takke for at det ikkje blei større skadar. Det er takka vere god innsats frå lokale brannvesen, og tidleg varsel, at det ikkje gjekk verre. Dei gjorde ein kjempeinnsats, seier Storholt Flåtten.

Gudstenesta flytta til kapellet

Den planlagde gudstenesta søndag blir no flytta til Øvre Rindal kapell, opplyser kyrkjeverje Ingeborg Nordlund. Ho seier at det er planlagt dåp, og denne vil då også foregå i kapellet, i staden for i Rindal kirke.

- Kyrkja blir nok ute av drift ei god stund fordi det elektriske anlegger er skadd. Kor alvorleg skaden er, får vi vite måndag, når fagfolk skal sjå på det, seier Nordlund.

Synfaring på staden

Styrkane som var ute natt til laurdag søv framover laurdag, men midt på dagen hadde mellom anna representantar for kommunen ei kort synfaring på staden. I heile natt og i formiddag har brannvesenet halde vakt.

– Vi har sett på skadane, og no skal det berre stå og tørke. Det skjer ikkje noko meir før over helga, seier varaordføraren.

Bård Magne Sande

Bård Magne Sande, som er vaktleiar for det lokale brannvesenet, seier dei er svært glade og stolte etter å ha redda kyrkja, som sto i flammar natt til laurdag.

Foto: John J. Storholt
Stolte og glade

Bård Magne Sande, som er vaktleiar for det lokale brannvesenet, seier dei er svært glade og stolte over å ha berga kyrkja frå brannen.

– Det å berge ei kyrkje som står i flammar, det er ikkje kvardagskost. Det var ein vanskeleg jobb, vi er svært glade og stolte, det trur eg heile rindalssamfunnet er, seier Sande til NRK Møre og Romsdal laurdag.

Meiner det sto om minutt

Vaktleiaren meiner at dei nådde fram i siste liten, etter at ein mann tipsa brannvesenet om flammar frå tårnet like før klokka to.

– Hadde vi kome eit kvarter seinare, hadde vi ikkje hatt kyrkje i Rindal i dag, for å seie det slik, seier Sande. Han meiner at flammane då truleg hadde kome så langt ned, at det hadde tatt fatt i sjølve kyrkjetaket.

– Hadde det kome gnist ned dit, hadde ikkje vi hatt ein sjanse, seier han.

Flammar frå tårnet

Kyrkjetårnet i Rindal

Spiret har falle ned frå tårnet, og nokre meter har forsvunne i brannen. Eller har kyrkja få synlege skadar.

Foto: John J. Storholt

Vitne såg flammar velte ut av kyrkjetårnet litt før klokka to i natt, men brannfolk klarte altså å sløkke brannen. I dagslyset laurdag kan berre eit trent auge sjå at spiret er borte, og at litt av tårnet er skadd.

– Det har vore veldig mykje lyn og torever i natt. Og det starta heilt på toppen av kyrkja, i spiret, seier operasjonsleiar Leif Ragnar Hoseth ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Eit par meter av tårnet skal ifølgje politiet vere nedbrende. I tillegg har eit dåpsrom fått vasskade, elles skal både altertavle, orgel og kyrkjerommet elles vere uskadde.

Ifølgje Adressa.no var det fleire tusen lyn i Midt-Noreg fredag kveld.

Brann sløkt

Brannen i kyrkja sløkt

Kyrkjetårnet og deler av kyrkja er skadd etter brannen i natt.

Foto: John J. Storholt

Tårnet på Rindal kyrkje sto i full fyr. No er brannen sløkt. Brannfolk har arbeidd intenst for å sløkke brannen.

– Det var utfordrande fordi at det var så høgt opp. Det blei rekvirert ein brannbil frå Trondheim for å hjelpe lokalt brannvesen, men dei løyste oppdraget sjølve med sitt eige materiell, og brannbilen kunne dermed returnerast, seier Hoseth.

Teknikarar til Rindal måndag

Laurdag morgon har brannvesenet sett ut vakt ved brannstaden. Ifølgje politiet er det ingenting som tyder på at brannen kjem til å blusse opp igjen.

Politiet har laurdag formiddag bestemt seg for å vente til måndag med å sende teknikarar til kyrkja.