Hopp til innhold

Takkar den som leverte eldgamal fele til politiet

Petter Andreas Storvik i Kristiansund vil takke den som leverte fiolinen hans til politiet. Framleis er det eit mysterium korleis det eldgamle instrumentet kom til rette.

Fiolin hos Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Framleis veit ingen kven som leverte inn fiolinen. Men eigaren har fått han tilbake, og for han er det absolutt det viktigaste.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei siste dagane har politiet gjentekne gongar bedt om å få vite kven som la den gamle fiolinen på trappa til ein politimann ein sein desemberkveld i fjor.

Ingen har meldt seg, men no er det store mysteriet likevel løyst. Eigaren såg nemleg fiolinen sin på tv, då NRK Møre og Romsdal nyleg laga reportasje om 1800-talsinstrumentet som hadde dukka opp frå ingenting.

Petter Andreas Storvik

Petter Andreas Storvik kan fortelje kvar fiolinen kjem frå, og kven som eig han. Men kven han skal takke, det veit han ikkje.

Foto: Eirik Haukenes

Petter Andreas Storvik er godt fornøgd med å ha fiolinen tilbake.

Det er veldig godt, seier han nøkternt.

Les også:

Stolen frå ei kjellarbu

Mystisk fiolin i Kristiansund

Fiolinen har vore på avvegar i fleire år, men er no tilbake hos den rette familien i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Både fiolinekspertar og politi har forsøkt å finne historia bak fiolinen som brått ein morgon låg på trappa til politimannen like før jul. Både fiolinen og fiolinkassa bar preg av å vere godt brukte, og inne i kassa stod det at instrumentet var laga i 1839.

Men først då Storvik kjende igjen fiolinen på fjernsyn blei det fortgang i sakene. No er instrumentet trygt tilbake, og Storvik kan fortelje at det var kyrkjesongaren og læraren Peder Nikolai Løkke på Dale gård som opphavleg eigde det.

Tre generasjonar etter blei fiolinen stolen frå ei kjellarbu, og vore sporlaust forsvunnen, fram til no.

Vil gjerne takke

Trond Harald Saltnes

Trond Harald Saltnes ved Operaen i Kristiansund var ein av dei som forsøkte å finne ut kvar fiolinen kunne kome frå.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kva fiolinen er verd, er det førebels ingen som har sagt. For eigaren er det uvesentleg. Han vil gjerne takke den ukjende personen som leverte frå seg instrumentet rett før jul.

For oss er det eit klenodium, den har jo mykje verdi berre sjølve historia om ho, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL