NRK Meny
Normal

Avslutta 51 år lang yrkeskarriere som lærar

Etter å ha jobba som lærar i Giske i 51 år, vart 72-åringen Odd Sæther i dag takka av ved Valderøy ungdomsskule. – Eg trur dei fleste elevane har følt at dei har blitt godt tatt vare på i dei åra eg har halde på, seier han.

Etter å ha jobba som lærar i Giske i 51 år, vart 72-åringen Odd Sæther takka av ved Valderøy ungdomsskule.

SJÅ INTERVJUET: Odd Sæther (72) vart takka av etter 51 år som lærar på Valderøya ungdomsskule.

– Det er sjølvsagt vemodig å slutte med tanke alle dei åra eg har halde på, seier 72-åringen som har ei 51 år lang yrkeskarriere som lærar.

– Samtidig er det ein slutt på alt, også på dette, så no ser eg fram til å gjere andre ting i pensjonisttilværet, seier han.

Utviklande jobb

Odd Sæther

Odd Sæther snakka om tida som lærer i distriktsendinga til NRK Møre og Romsdal.

Foto: NRK

Det er mange som har hatt han i skulen, og «du veit at du er frå Valderøya når du hugsar at du har Odd til lærar» var blant dei mange gode orda Odd Sæther fekk på sin siste dag på Valderøy ungdomsskule.

Han kunne ha slutta som lærar for ti år sidan, men 72-åringen har halde ut ekstra lenge.

– Eg trivst veldig godt i jobben, og livet i klasserommet er plassen for meg. Samhandlinga mellom elev og lærar har vore inspirerande, seier han.

– Den har vore utviklande også for meg sjølv. Forhåpentlegvis har også elevane fått god lærdom, seier han.

  • Sjå intervjuet med Odd Sæther øvst i saka.

Livet i klasserommet er plassen for meg. Samhandlinga mellom elev og lærar har vore inspirerande.

Odd Sæther

Populær lærar

Odd Sæther legg ikkje skjul på at støtte og hjelp frå gode kollegaer også har vore med på å halde han yrkesaktiv ti år ekstra.

– Me har ei leiing som er på hogget, og dei er positivt innstilte, seier Sæther.

72-åringen har vore ein populær lærar, og mange av elevane han har hatt i dei 51 åra som yrkesaktiv har uttrykt at dei likar han godt.

– Det er faktisk tilfelle at eg har fått mange positive tilbakemeldingar oppover, og det set eg veldig stor pris på, seier Sæther.

Er det mogeleg å bli glad i alle elevane?

– Alle elevane er spesielle. Dei er kvar enkelt noko for seg, og du må fortalde deg til dei. Som lærar må du ta kvar enkelt slik som dei er, etter deira føresetnader og deira talent, og prøve å utvikle det så godt du kan.

  • Har du hatt Odd Sæther til lærar? Legg gjerne igjen ei hyggjeleg helsing til han i kommentarfeltet under.