Tak rasa saman i Kristiansund

Delar av taket på den gamle Dahlehallen i Kristiansund har rast saman. Ingen skal vere skadd.

Opning av Dahlehallen

ARKIVFOTO: Den gamle Dahlehallen ligg vegg i vegg med den nye fotballhallen som vart opna i oktober i fjor.

Foto: Frode Aass

Det var tidleg søndag ettermiddag at det vart oppdaga at delar av den gamle Dahlehallen hadde rasa saman. Tung is og snø er truleg årsaka.

– Taket over ein av squashhallane har rast saman. Det har truleg skjedd på morgonkvisten eller i løpet av natta, seier operasjonsleiar i politiet Rolf Anders Korstad.

Politiet gjorde søndag undersøkingar på staden. Det er ikkje mistanke om at nokon skal ha vore inne i hallen då taket rasa, men politiet undersøkte staden med hund for å vere sikker.

– Ei hund har søkt gjennom det rasa området, ingen indikasjonar eller markeringar frå hunden på at det er menneske under rasmassane, seier Korstad.

Usikkert skadeomfang

Hallen er på om lag 200 kvadratmeter og det er ifølgje politiet eit område på rundt 25 kvadratmeter som er ramma av raset.

Dahle idrettslag har no bestilt ein entreprenør som skal rydde området og undersøke skadane.

– Vi stenger fleirbrukshallen til vi veit at alt er trygt, og entreprenøren vil undersøke tryggleiken både på den gamle og den nye hallen, seier Jan Aage Neerland, styreleiar for den gamle Dahlehallen.

Leiar i Dahle IL, Julian Vangen, fortel at dei vil gjere ei ny vurdering av hallen måndag.

– Det er i hovudsak berre ei av squashbanene som er skadd, men det er så langt uklart kor store skadar det har blitt på resten av bygget. I tillegg til taket som har rasa er det også fare for vasslekkasje som følgje av snøsmelting, seier han.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.