Hopp til innhold

Fryktar for heimen etter tap i retten: – Eg føler meg veldig, veldig lita

Etter at vatnet til Else Rigmor Frøland fraus etter fibernett-utbygging, måtte ho betale over 100.000 kroner i reparasjonar. Ho gjekk til sak mot Tafjord Kraftnett, men i Sunnmøre tingrett fekk kraftselskapet medhald.

Else Frøland

Else Rigmor Frøland meinte Tafjord Kraftnett var skuldige i øydelegginga på vassrøyra som førte til hennar hus. Frøland la ut nærmare 120.000 kroner for reparasjonar – som ho meinte kraftselskapet burde stå til ansvar for.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

No er Else Rigmor Frøland dømt til å betale Tafjord Kraftnett 17.000 kroner i sakskostnader.

– Eg har ikkje lest avgjersla sjølv, men son min ringte meg og sa vi hadde tapt, seier Frøland på telefon tysdag kveld.

Det var i desember 2010 at Frøland mista vatnet, då eit vassrør fraus. Ho måtte sjølv betale om lag 120.000 kroner for å få tilbake vatnet.

Frøland meinte Tafjord Kraftnett måtte ta ansvar. Kraftselskapet hadde leigd entreprenørar då dei bygde ut fibernettet.

«Tafjord Kraftnett kan ikkje stillast til ansvar»

Kari Løken

Var klar på at Tafjord Kraftnett ikkje kunne skuldast – og fekk medhald i tingretten.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Før saka byrja i retten, var Tafjord Kraftnett klare på at dei ikkje kunne skuldast.

– Det er den som grev for oss som er ansvarleg for korleis gravinga blir utført, sa Kari Løken i Tafjord Kraftnett.

– Vi har veldig mange som grev for oss, og vi har haldt på med dette i mange år. Dersom vi skulle ta på oss ansvar for at vassrøyr frys mange år seinare, så kan dette bli ei omfattande prinsippsak, kommenterte Løken vidare i juni.

Og Tafjord Kraftnett, eitt av dotterselskapa i Tafjord Kraft AS, fekk medhald i Sunnmøre tingrett.

I dommen stod det at skada på vassrøyret skuldast måten entreprenøren har utført arbeidet, og at Tafjord Kraftnett ikkje kan stillast til ansvar.

Føler seg makteslaus

Else Rigmor Frøland i Ålesund føler seg makteslaus etter dommen.

– Eg er veldig skuffa, for eg føler at eg ikkje hadde noko med gravinga å gjere.

– Akkurat no følest det som om dei store kan få gjere akkurat det dei vil. Eg føler meg veldig, veldig lita, og eg trudde det var meir rettferd i verda, seier Frøland.

– Tingretten meinte Tafjord Kraftnett ikkje var ansvarleg, då det var ein entreprenør som gjorde arbeidet?

– Ja, eg skjønar det, men eg blir heilt upartisk. Hadde ikkje Tafjord grave, så hadde eg ikkje kome inn i denne saka. Det var dei som skulle leggje fiberkabel, sukkar ho.

(Saka held fram under bildet)

Else Frøland

Tidlegare, då saka først kom i media, viste Else Rigmor Frøland kor gravinga hadde skjedd.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eg får selje huset mitt ...

Frøland har betalt utgifter på om lag 120.000 kroner for det utførte arbeidet. Pengane var oppspart over fleire år. No må ho betale nye 17.000 kroner i sakskostnader.

– Eg veit rett og slett ikkje korleis eg skal klare det. Eg synest det er urettferdig at eit menneske som ikkje hadde noko med saka å gjere blir sitjande med slike kostnader.

– Eg hadde ikkje noko interesse av gravinga, seier Frøland.

Ho er klar på at ting må betalast om det kjem til det, men pengane har ho ikkje.

– Eg får selje huset mitt ... Eg er minstepensjonist, så eg veit rett og slett ikkje mi arme råd. Eg kan ikkje klare dette no, for eg skal leve òg.

Usikker på om ho tek saka vidare

Ho fortel at ho ikkje har prata med Tafjord Kraftnett etter rettssaka.

– Eg veit ikkje kva dei tenkjer. Dei har hatt anledning til å ordne opp etter seg, og eg synest det var det minste dei kunne gjort. Eit slikt rikt selskap kunne tatt byrda, i staden for å overlate det til ein pensjonist.

– Er du forbanna etter denne dommen?

– Eg blir aldri forbanna. Eg er mest skuffa, for eg likar at ting skal vere rettferdig. Eg er alltid ærleg sjølv, og eg har aldri lurt nokon. Rekningane mine betaler eg som oftast 14 dagar før dei forfell, seier Frøland.

– Kjem du til å ta saka vidare?

– Eg veit ikkje. Eg må prate med advokat. Akkurat no er eg berre fortvilt.

– Det er ikkje greitt å vere gammal og åleine, og eg veit ikkje kvar eg kan føre saka no. Eg føler meg heilt hjelpelaus, avslutta Frøland.