- På grunn av skade er det ein del av spelarane som manglar kamptrening, seier Harald Aasland Riise.
Entusiasme
Han har likevel håp om at det skal bli betre framover, men då må entusiasmen og spelegleda opp.
Hødd tapte 3-1 borte mot Sandefjord i første serierunde, og står med berre eitt poeng etter 0-0 kampen i går.
Og det mot eit lag som rett nok spelte i Tippeligaen i fjor, men som ikkje har tatt eit einaste bortepoeng sidan sesongen 2002.
Etter ein dårleg kamp skal Hødd vere glade for det eine poenget, med tanke på at laget frå Jæren misbrukte eit straffespark.