NRK Meny
Normal

Tablettar mot flåttbitt

- Dette blir enklare for både sjukehus og pasientar, seier overlege Guttorm Eldøen ved Molde sykehus. Han behandlar flåttbitt med tablettar.

Flått
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Ein ny metode skal gjere det enklare å behandle flåttbit. Metoden inneber bruk av tablettar, i staden for intravenøst.

Ved sjukehuset i Molde har dei testa denne metoden, og resulatata er gode, seier Guttorm Eldøen, som er overlege ved nevrologisk avdeling.

Enklare behandling

- Dei pasientane som me elles ville ha lagt inn, og behandla som innlagde pasientar i fjorten dagar med intravenøs antibiotika, dei kan no i staden få ein tablettkur på fjorten dagar, og det har vi vist vitskapleg at det er like bra, seier Eldøen.

Før har ein behandla alle tidlege teikn på den flåttsspredte sjukdommen borreliose med tablettar, medan dei meir alvorleg sjuke har hamna på sjukehus. At også dei no kan behandlast heime, vil gjere det enklare for både sjukehus og pasient, meiner Eldøen.

Betre for alle partar

- Dei må ikkje ligge fjorten dagar på sjukehus, og det gjer noko med heile det å vere sjuk, seier han.

- At vi no kan tilby pasientane ein enklare måte å få medisinar på enn å vere innlagt på sjukehus og få intravenøst på gjer det betre for alle partar, meiner Eldøen.

- Når vi då vitskapleg kan vise at dette ser ut som det er ei trygg og god behandling, så er vi veldig glade for det, seier overlegen.

Fleire kan ta metoda i bruk

Molde sykehus starta med metoden då dei som eitt av sju sjukehus i landet, tok del i eit forskningsprosjekt der pillekuren skulle prøvast ut.

No meiner Eldøen at fleire sjukehus bør ta denne forma for behandling i bruk.

- Det som resultatet av denne undersøkinga viser er at vi kan ha litt meir is i magen i forhold til å gi tablettar, så vi trur at denne undersøkinga kan føre til at også andre sjukehusavdelingar kan byrje med dette i større grad enn ein har gjort før, avsluttar Guttorm Eldøen, overlege ved nevrologisk avdeling på Molde sykehus.