NRK Meny

Ta knekken på rottene utan gift

Bruken av rottegift skal overlatast til profesjonelle. Men det betyr ikkje at du ikkje kan kjempe mot rottene på eiga hand.

Rotte

Ifølgje eit nytt regelverk må du no kontakte ein profesjonell aktør om du vil bruke rottegift for å bli kvitt skadedyrproblemet ditt.

Foto: ALEX BRANDON / AP

Artikkelen er flere år gammel.

Det er ikkje lengre lov for privatpersonar å kjøpe eller leggje ut rottegift. Ifølgje Miljødirektoratet utgjer rottegift ei fare for miljøet og forbrukarane. Derfor bør profesjonelle stå for handsaminga, meiner direktoratet.

– Vi er ikkje fæle folk

Geir Jæger

Geir Jæger driv også skadedyrbedrifta Aktiv Nord As i Tromsø. Han ser helst at folk let vere å bruke gift mot skadedyr, så langt det let seg gjere.

Foto: Privat

Geir Jæger er medeigar i Skadedyrbutikken AS og sit i styret i Skadedyrenes Bransjeorganisasjon (SkaBra). Han er fornnøgd med den nye innskjerpinga.

– Skadedyrbransjen har i mange år blitt sett på som syndarane i bruken av rottegift. Det har vi vore ueinige i, sidan vi er dei einaste som er skolerte i å bruke midlane på rett måte, seier Jæger.

– Vi er ikkje desse fæle folka som berre tenkjer på dreping. Vi er opptekne av miljøet og har blitt modernisert som bransje, legg han til.

Jæger har lenge vore skeptisk til den utstrekte og ukunnige bruken av rotte- og musegift.

– Til no har kven som helst kunne ha gått inn i ein daglegvarebutikk og kjøpe gift utan å få noko rettleiing på sjølve bruken. Somme i landbruket kjøper til dømes 10 kilos pakkar som dei brukar feil. Det kan få ei veldig uheldig spreiing i miljøet, seier han.

Betre føre var

Sjølv om Jæger er glad for at profesjonelle aktørar mop må til for å bruke rottegift, understrekar han at det i dei fleste tilfelle ikkje er naudsynt å slike preparat i det heile.

– Ein enkel metode er å kjøpe musefelle, fange musa og tette huset i etterkant, rår han.

Du må fort bla opp med nokre tusenlappar om ein skal ha profesjonelle til å ta hand om skadedyrproblemet ditt. Det beste tipset er derfor å utvise sunn fornuft og fjerne kjelda til problemet.

– Har du ein forsøpla plass, til dømes ein vanleg søppeldunk som står open eller er overfylt, vil mus og rotter få tilgang til det dei treng for å leve godt. Om dei også kjem seg inn i huset ditt, så har dei det heilt ypparleg, seier Jæger.

Samstundes har han forståing for at somme helst ser at nokon andre tek av seg problemet om skaden først har skjedd.

– Mange er livredde for mus. Dei ligg vakne om natta og vil berre ha det unnagjort. Dei må ha lov til å ta kontakt med profesjonelle. Men både vi og myndigheitene pliktar til å opplyse kva for konsekvensar gifta kan medføre. Dei som er seriøse i bransjen rår ofte brukarane til å unngå giftbruk, seier han.

– Fornuftig

Arnulf Soleng, seniorforsker ved Folkehelseinstituttet

Arnulf Soleng, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet, seier det er fullt mogleg å bli kvitt rotter utan å bruke gift.

Foto: Folkehelseinstituttet

Arnulf Soleng, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet, synest det er fornuftig at det no vert stramma inn på rottegiftbruken.

– Enkelte av rottegiftmidla er svært sterke. I Noreg døyr det til dømes fleire hundar i året etter å ha fått i seg rottegift. I andre land har også menneske døydd av det. Det er derfor lurt å få profesjonelle til ta hand om slikt, seier han.

Samstundes synest han også mange i skadedyrbransjen brukar meir gift enn kva nødvendig er.

– Folkehelseinstituttet ser gjerne at også bransjen reduserer bruken sin ytterlegare, seier han.

– Det er nok lurt få profesjonelle inn om ein verkeleg har eit muse- eller rotteproblem, men om det er snakk enkeltindivid som har kome inn, så kan ein i større grad ta knekken på dei sjølv med å bruke feller, seier han.

Men ein må smørje seg med tolmod når ein skal fange ei rotte med god gammaldags klaff-felle.

– Musa er ofte nysgjerrig og går rett i fella, medan ei rotte er meir skeptisk og kan bruke fleire veker før ho gjer det same, forklarer seniorforskaren.

Og for dei som framleis har rottegift liggjande og tenkjer på å ta det i bruk, vil han gjerne kome med ei åtvaring:

– Ein bør i alle tilfelle prøve sikring og feller først, før ein tyr til gift bruk. Ein ting er at andre dyr og menneske kan få tak i gifta, men ein bør også hugse på at om ein tek livet av dyr med gift, så dør dei gjerne inne i veggar, golv og tak. Det kan bli eit betydeleg økonomisk problem å rydde opp i, avsluttar han.

Bruk feller

Også Soleng meiner ein i dei fleste tilfelle kan ta kvitte seg med skadedyra sjølv utan å involvere profesjonelle aktørar.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.