Hopp til innhold

Syskenflokk skal ha fått alvorlege skadar etter overgrep – fagfolka seier funna er sjeldne

Foreldra og bestefaren er tiltalte for å ha bytta på å forgripe seg seksuelt på dei tre syskena. Bistandsadvokaten seier ho aldri har sett ei grovare sak.

Barneskisse, Statens barnehus

Detaljerte teikningar av kroppen blei tatt i bruk under politiavhøyra.

Foto: Øystein Eldholm/NRK

Foreldra og bestefaren er tilalte for å ha misbrukt borna i årevis, heilt frå spedbarnsalder. Denne veka blei dei medisinske funna lagt fram i retten.

– Eg har jobba med overgrepssaker i mange, mange år, og dette er skadar ein ikkje har høyrt om før, det er ganske sterkt å høyre, seier bistandsadvokat Trude Marie Wold.

Det er Riksadvokaten som har bedt politiet i Møre og Romsdal sjå på saka på nytt, etter at legane skal ha oppdaga uvanlege underlivsskadar hos alle dei tre borna.

Familien var i politiet sitt søkelys allereie for fleire år sidan, men saka blei lagt vekk på grunn av mangel på bevis.

Trude Marie Wold

Bistandsadvokat Trude Marie Wold meiner borna ber preg av å ha vore utsette for alvorlege overgrep.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Lege skal ha gjort uvanlege funn

Overlegen som leia undersøkingane av borna, sa i retten tysdag at han aldri før har sett så alvorlege skadar etter seksuelle overgrep som dei meiner dei har påvist hos dei tre.

Han undersøkte borna i 2019, seks år etter at dei blei plassert i fosterheim.

– Det er påfallande og sjeldan at ein ser så store skadar som hos desse syskena. Skaden er omfattande og alvorleg, sa han då han forklarte seg tysdag.

Han sa vidare at dei første, overflatiske undersøkingane ikkje viste noko uvanleg, men at borna så blei lagt i narkose og undersøkte grundigare. Då skal dei ha gjort uvanlege funn.

Overlegen seier dei tre borna vil trenge behandling i lang tid for skadane. NRK har valt å anonymisere legen for å unngå at dei blir identifiserte.

Fryktar mange overgrep aldri blir oppdaga

Stine Sofies Stiftelse tek kvart år imot 500 born som har vore utsette for vald og overgrep. Mange av dei opplever å ikkje få medhald i retten.

Juridisk rådgjevar Endre Bendixen seier han ikkje kjenner saka konkret og viser til at det ikkje er falle dom. Generelt etterlyser stiftinga grundigare medisinske undersøkingar av fleire barn.

– Denne saka kan vere eit døme på at det er nødvendig. Det er ikkje bevis i første undersøking, men borna fortel ei historie og blir trudd. Det fører til grundigare undersøkingar, seier juridisk rådgjevar Endre Bendixen.

Han seier det er store mørketal, og at mange går gjennom livet utan å fortelje kva dei har vore utsette for.

Internasjonal forsking viser at dei aller fleste born ikkje har fysiske skadar etter seksuelle overgrep.

Endre Bendixen

Juridisk rådgjevar Endre Bendixen seier det er mange barn som aldri fortel kva dei har vore utsette for. Han etterlyser grundigare undersøkingar.

Foto: Stine Sofies Stiftelse

Vanskeleg avgjerd i retten

Familien budde i ei bygd i Møre og Romsdal, og først då borna kom i fosterheim, fortalde dei om grove seksuelle overgrep heime. Den yngste var for lita til å kunne seie noko, men fostermora har forklart om ei uvanleg uroleg småjente.

Retten skal no ta stilling til om dei trur på det borna fortel og om bevisa er tilstrekkelege til å dømme foreldra og bestefaren. Ingen av dei tre tiltalte har vedgått straffskuld, og forsvararane har undervegs påpeika feil i forklaringane til borna.

Bistandsadvokaten Trude Marie Wold seier det neppe rokkar ved dei medisinske funna som er gjort. No håper ho dei kan legge saka bak seg.

– Korleis framtida vil bli, veit vi jo ikkje. Det er jo berre å håpe på det beste for dei, seier ho.

Tau

Borna har forklart at dei blei bundne på hender og føter og fekk tape framfor munnen. Under ransaking heime, fann politiet fleire taustumpar.

Foto: Politiet