Hopp til innhold

Syr bunadar for over 2 millionar kroner i året

Produksjonen av bunader går for fullt ved Romsdalsmuseet i Molde. Etterspørselen er så stor at museet må prioritere kven som får sydd bunaden ferdig i tid.

Romsdalsmuseet

Ei eiga avdeling av Romsdalsmuseet i Molde syr bunadar for fleire millionar kvart år.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Gamle kunstar til nasjonens unge og lovande.

Julia Wachs, bynadsyerske Romsdalsmuseet

Julia Wachs er ein av bunadsyerskene ved Romsdalsmuseet i Molde.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

På systova ved Romsdalsmuseet er syerskene i gang med å sy ein bunad til ein av årets konfirmantar.

For når det livnar i lundane i Molde blir dagane lengre og lengre for sydamene på det einaste museet i landet som lager eigne bunadar for romsdalingar.

– Eg synest at du har mykje meir kontroll når du syr for hand enn med maskin. Då kan du sy mykje nøyare, Julia Wachs, bunadsyerske.

Viktig inntekt

Då Mali Furunes kom til Molde frå Det Norske Teatret og etablerte leikarringen, kom også behovet for ei nasjonaldrakt opp i 1928.

Jarle Sanden

Jarle Sanden trur Romsdalsmuseet er det einaste museet i landet som syr eigne bunadar.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK
Silje Melseter

Silje Melseter får endeleg prøve den nye bunaden sin.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Mali spelte på mange strenger og jobba både som omvisar på Romsdalsmuseet, lærte ungane å danse og blei ein pådrivar for å finne fram til den originale drakta for romsdalingane.

Då Mali døde på 1960-talet blei det ei pause i bunadssyninga. Men på åttitalet kom nye driftige damer i gang med å utvikle ulike drakter frå inst til yttarst i Romsdalskysten.
Gjennom heile sommarhalvåret dansa ungar framleis for turistane i Mali si ånd.

Ikkje berre fører sydamene gamle tradisjonar vidare, dei sikrar også ei viktig inntekter til det splitter nye Romsdalsmuseet. I fjor sydde dei bunader for over to millionar kroner.

– Det ligg både dokumentasjon, forsking og formidling bak, og det er ein naturleg del av museet sjølv om det er få museum som driv med det, seier Jarle Sanden, administrerande direktør ved Romsdalsmuseet.

– Kor mange museum held på med dette?

– Nei, eg trur vi er det einaste, seier han.

– Det finaste plagget eg nokon gong kjem til å ha

På systua kan ung og gammal smette på seg romsdalsbunaden dei så lenge har drøymt om. Med få dagar igjen til 17. mai kan Silje Melseter endeleg prøve sin ferdige Veøy-bunad.

SIlje Melseter

Silje Melseter er svært fornøgd med bunaden sin.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Den er veldig fint. Det er nok det finaste plagget eg nokon gong kjem til å ha, seier ho med eit smil.

Men jobben som bunadsyerske er ikkje utan utfordringar.

– Mange forventar å kunne bruke bunaden lenge når dei kjøper eit såpass dyrt plagg. Men mange forandrar seg mykje frå vi tar mål av dei på hausten til dei kjem og prøvar no på våren, seier Grete Bruaseth, avdelingsleiar ved bunadsavdelinga.