NRK Meny
Normal

Synfaring for ski-NM i Molde

I dag har skiforbundet og NRK hatt synfaring på Skaret i Molde framfor NM på ski i 2014.

Denne Noregsmeisterskapen er rekna som svært viktig fordi dette også vil vere uttaksrenn for vinter-OL i Sotsji same året.

På synfaringa kom det fram at fleire utbetringar og omleggingar må gjerast med løypenettet.

NRK kjem til ha full tv-dekning av alt som skjer under dei fire NM-dagane.

Hovudprodusent Ola Fagerheim seier det er viktig at Moldenserane skapar ein skikkeleg folkefest for at det skal verte god TV.