Hopp til innhold

Synest skulegudstenesta er ein fin tradisjon

Elevar ved Atlanten ungdomsskule i Kristiansund sett pris på tradisjonen med skulegudstenestene før jul.

 Henriette Went Lyngvær , Invild Rødahl, Hele e Rossbach Kvalvaag og Anniken Sagli og Sindre Stabel

Anniken Sagli, Ingvild Rødahl, Henriette Lyngvær og Helene Rossbach Kvalvaag ved Atlanten ungdomsskule i Kristiansund, saman med Sindre Stabell Kulø, sokneprest i Frei.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Alle skuleborn i Kristiansund har fått med seg heim eit ark der dei blir bedne om å krysse av for om dei skal på skulegudstenestene eller eit alternativt opplegg denne veka. Praksisen er heilt ny, og har blitt motteke med blanda reaksjonar.

I Kristiansund synest elevane Anniken Sagli, Ingvild Rødahl, Henriette Lyngvær og Helene Rossbach Kvalvaag ved Atlanten ungdomsskule at skulegudstenesta er ein fin tradisjon.

– Det som er viktig er at gudstenesta er variert. Dette er ei gudsteneste som dei fleste har vakse opp med og det er viktig at prestane gjer gudstenesta til noko som elevane har lyst til å delta på, og det synest eg dei greier, seier ein av jentene.

Dei fire jentene er samde i at musikken er viktig for å gjere skulegudstenesta meir spennande.

– Det gjer gudstenesta meir spennande. Sang treng ikkje alltid å vere gudsrelatert, men det kan vere ein bindande aktivitet, seier ei av dei andre jentene.

Må finne gode løysingar

Sindre Stabell Kulø, sokneprest i Frei, vektlegg at skulegudstenesta er eit tydeleg samarbeid mellom skulen og kyrkja. Han fryktar ikkje at den skriftleg påmelding vil påverke kyrkjegangen blant skuleelevane.

– Eg meiner at dette kan avgjerast lokalt i samarbeid med foreldreutval, elevråd og rektor ved skulane, seier han.

Kulø meiner at kyrkja og skulen kan jobbe fram gode løysningar for skulegudstenesta.

– Likevel håpar eg at vi ikkje kjem til eit punkt der dette med påmelding og ikkje påmelding kjem opp kvart år. Problemet er ikkje at folk ikkje vil, men vi må finne gode løysingar og ta omsyn både til minoriteten og majoriteten, seier han.

– Eg trur skulegudstenesta er ein fin tradisjon for mange, og ikkje berre for dei truande, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL