Hopp til innhold

– Genialt å la Sylvi ta seg av innvandringa

Lokalmiljøet i Ørskog på Sunnmøre skjønte tidleg at Sylvi Listhaug kom til å få ei stor politisk karriere. No har ho fått ansvaret for innvandrings- og integreringspolitikken i Noreg.

Sylvi Listhaug/Bygdebladet

Lokalavisa Bygdebladet har fulgt Sylvi Listhaug heilt frå ho byrja på den politiske løpebana. Dei trur at Listhaug kan nå langt.

Alt tidleg på totusentalet utmerka Sylvi Listhaug som ein uredd politikar med klar tale. I lokalavisa fekk ho heilsides oppslag alt i 2002. Ho var på veg inn i leiinga i ungdomsorganisasjonen til Framstegspartiet, og kom heim med diplom som uteksaminert frå elitekurset til organisasjonen.

Det var friske takter. Ho kom med eit skarpt utspel mot statsminister Kjell Magne Bondevik og kravde at han måtte ta omsyn til Frp sin politikk, minnast dei to son og far Reidar og Kjell Opsal, som er redaktør og kommentator i lokalavisa.

Sylvi Listhaug overtok nøkkelen til innvandrings- og integreringspolitikken

Her kjem Sylvi Listhaug til det nye kontoret sitt som Innvandrings- og integreingsminister.

– Stolt av jenta frå bygda

Lokalavisa i heimbygda til Sylvi Listhaug heiter «Bygdebladet». Og i dag har dei rydda plass til nok eit storoppslag om kvinna som dei er så stolte av.

– Vi blei veldig stolte då vi fekk ei ung jente frå bygda inn i regjeringa. Og no har ho forsvart plassen og går inn i eit svært utfordrande departement. I dagens situasjon er dette det tyngste departementet å vere sjef i, seier Kjell Opsal.

Bygdebladet har følgt Sylvi Listhaug frå livet som fotballspelar og ungdomspolitikar heime på Sjøholt i Ørskog til ho vart lokalpolitikar i hovudstaden og så enda opp som profilert statsråd. Avisa var kanskje den første som lanserte Listhaug til ein statsrådspost, lenge før ho vart landbruksminister.

Nøkkel-overrekkelse i landbruksdepartementet. Jon Georg Dale overtar etter

Her forlèt Sylvi Listhaug landbruksdepartementet og sunnmøringen Jon Georg Dale tek over.

– Ein genistrek

No meiner kommentatoren i Bygdebladet at Erna Solberg er svært smart om set akkurat Sylvi Listhaug til jobben som Innvandrings og inkluderingsminister.

– Det er ein genistrek at akkurat ho får denne jobben. Ho snakkar klart og tenkjer klart. Vi veit kva ho står for og ho er handlekraftig, seier Kjell Opsal.

Redaktøren og kommentatoren seier dei tidleg såg at Sylvi Listhaug hadde kvalitetar som kunne gjere henne til ein framifrå rikspolitikar. Dei kallar henne tydeleg, klar og uredd. Ho svarar godt for seg i dei fleste situasjonane og ho blir ikkje sett fast.

Sylvi Listhaug fra Ørskog er blitt landbruksminister. Tirsdag var hun hjemme på gården hos foreldrene sine.

Sylvi Listhaug på heimegarden, få dagar etter at ho vart landbruksminister.

– Ikkje redd for å ta konflikt

I redaksjonen har dei sett korleis Sylvi Listhaug har skaffa seg meir og meir kunnskap og bygt seg opp stegvis. Klar tale har prega henne heile vegen, men dei er ikkje samde med kommentatorane som meiner at Listhaug direkte likar konfliktar.

– Eg trur ikkje at ho er glad i konfliktar berre for konflikten si skuld. Det er berre tullprat. Men ho er ikkje redd for å ta ei konflikt. Det er noko heilt anna, seier Kjell Opsal.

Sylvi Listhaug fra Ørskog ble onsdag utnevnt til landbruksminister i den nye Solberg-regjeringen.

Sylvi Listhaug 16.10-2013, dagen då ho vart landbruksminister.

– Kan bli partileiar

No lurer karane i den vesle redaksjonen i «Bygdebladet» på om Sylvi Listhaug kan nå vidare steg i politikken.

– Det er ingen ting som er til hinder for at ho kan bli partileiar den dagen det eventuelt blir aktuelt. Ho har kvalitetane, ho har ei framferd og er ein type som ikkje er redd for å stå fram. Ho kan profilere kva som helst parti.