Det var draumen om ein grøn Marius-genser til kjærasten som gjorde at tromsøkvinna i fjor sommar gjekk på limpinnen. Ei strikkeglad kvinne frå Møre og Romsdal annonserte at ho strikka på oppdrag, og Sylvi Pedersen Vatne slo til.
Det kosta henne 600 kroner og stor frustrasjon.
– Ein trur jo på folk, og då er det veldig trist at dei utnyttar systemet på den måten, seier Vatne.
Dei 600 kronene skulle gå til garn, og resten betalast når genseren var ferdig. Men det blei han aldri.
Etterlyser større ansvar
Sjukepleiaren frå Tromsø meiner det er for enkelt å bli lurt, og ber dei store bankane og styresmaktene om å prøve å finne ei betre betalingsløysing når private handlar med kvarandre.
– Bankane burde lage eit betalingssystem som gjer at eg som betalar ei vare er trygg på at eg får det eg skal ha, og avsendar også er trygg på at dei får det dei skal ha, seier Sylvi Pedersen Vatne.
Då ho leste om ei anna kvinne som heller ikkje hadde fått genseren sin, skjønte Vatne at den strikkeglade kvinna frå Møre og Romsdal truleg hadde svindla fleire.
Nyleg blei ho dømd til fengsel i 60 dagar for å ha lovd å strikke over 60 genserar til kundar over heile landet. I retten forklarte ho at ho sleit med rus og speling, etter kvart hamna på sjukehus og at alt gjekk over styr.
Kvinna som nyleg blei dømd til fengsel i 60 dagar brukte Vipps til å lure til seg over 60 000 kroner frå kundar over heile landet. Genserane ho skulle strikke, blei aldri sendt.
Foto: SkjermdumpVipps meiner det er vanskeleg
Betalingstenesta Vipps har på kort tid blitt svært populær. Dagleg går det føre seg éin million kjøp på denne måten, i staden for med kontantar. Det er bankane som står bak. Kommunikasjonssjef Hanne Kjærnes seier elektronisk betaling er ein komplisert prosess og at det er vanskeleg å fryse pengeoverføringar mellom privatfolk.
Informasjonssjef Hanne Kjærnes hos Vipps seier det ikkje er enkelt å lage ei sikker betalingsløysing for handel mellom private.
Foto: Ilja C. Hendel– Førebels har vi ikkje svaret på korleis vi skal gjere dette på ein enklare og betre måte, seier ho.
Lærte av eigne feil
Men Woolit har funne ut at det er mogleg. Dei sel garn og formidlar strikkeoppdrag, og erfarte i starten at kundar blei lurt.
Gründer Cathrine Løland hos bedrifta Woolit blei sjølv lurt. Då bestemte ho seg for å lage eit betalingssystem som sikra både kjøparen og seljaren.
Foto: privatDå bestemte dei seg for å lage eit system der pengane står på ein eigen konto til klesplagget er ferdig og levert.
– Vi får kjempegode tilbakemeldingar frå både dei som kjøper strikka plagg og dei som strikkar. Dei føler at det er trygt hos oss, og veit at pengane er trygge, seier gründer Cathrine Løland.
Ho skjønar at det er vanskelegare å lage eit betalingssystem mellom privatpersonar, men meiner bankane kunne vurdert å ta ei meir aktiv rolle i sikring av transaksjonane sjølv, eller opna for at tredjepartsløysningar kan gjere dette.
Har blitt meir skeptisk
Den grøne strikkegenseren kom aldri i posten, og kjærasten i Tromsø fekk ingen Marius-genser til jul i fjor. Sylvi Pedersen Vatne har ikkje slutta å handle med private, og trur framleis dei fleste er ærlege.
– Eg er av den typen som bestiller ting av folk, både brukte ting og slikt dei lagar, og så betalar eg på førehand. Det gjer eg framleis, men eg er nok litt meir skeptisk no, seier ho.
Det var ein slik genser Sylvi Pedersen Vatne gjerne skulle gitt kjærasten til julegåve. Slik blei det aldri.
Foto: skjermdump