NRK Meny
Normal

Syklande gut (15) skadd etter trafikkulukke

Ein 15 år gammal gut på sykkel blei skadd etter ei trafikkulukke på Dale i Kristiansund.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.21, opplyste operasjonsleiar Sigvart Sivertsen til NRK klokka 17.25.

– Vi har akkurat kome fram. Ambulanse er undervegs, sa Sivertsen.

Det var ein 15 år gammal gut på sykkel og ein bil som var involvert i ei trafikkulukke på Dale i Kristiansund. Ulukka skal skjedde i området Naustveien/Dalegata.

Skadeomfanget var ei tid uklart, men ti minutt etter ulukka opplyste politiet at det ikkje har vore noko samanstøyt mellom syklisten og bilen.

– Sykkel velta under kraftig oppbremsing, skriv politiet på Twitter.

Guten har blitt sendt til sjukehus for behandling, opplyser politiet.

Lørdag opplyser Kristiansund sjukehus at den unge syklisten kom ifrå det heile utan særlege skader.

Laster Twitter-innhold