Hopp til innhold

Syklist som vart funnen bevisstlaus døde

Ein syklist blei funnen bevisstlaus i ei grøft i Aure kommune på Nordmøre tysdag ettermiddag. Han vart erklært død på staden.

AURE: Syklisten skal ha blitt funnen av forbipasserande i Aure kommune på Nordmøre.

Ein mann i 60-åra, som vart funnen i Aure tysdag, døde. Dei pårørande skal vere varsla.

– Han vart funnen av forbipasserande, og vart erklært død på staden av naudetatane, seier jourhavande i politiet, Lena Romestrand.

Ho seier at dei ikkje har mistanke om at dødsfallet skuldast uhell i trafikken.

Det blei sett i verk livreddande tiltak på staden. Men livet sto ikkje til å redde.

Politiet melde først om hendinga rundt 16.40 tysdag. Alle naudetatane rykka ut til staden.

Truleg eit uhell

Hendinga skal ha skjedd i nærleiken av Sandvika ferjekai. Vegen, der syklisten blei funnen, var stengt ei periode som følge av hendinga.

Ifølge politiet ser det ut til å vere snakk om eit uhell, men dei gjorde undersøkingar på staden for å prøve å finne ut kva som har skjedd.

– Vi skal mellom anna undersøke sykkelen, sa Tor Andre Gram Franck, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt på tysdagen.