Hopp til innhold

Syklane kjem

Sykkelturisme er ei næring i sterk vekst. Eit eige sykkelprosjekt skal sørge for at tilhøva blir bedtre for to-hjulingane.

Video nsps_upload_2009_5_13_11_15_33_608.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mange nye prosjekt

Vegkryss mot Åndalsnes
Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

Statens vegvesen satsar på å bygge ut åtte nasjonale nye sykkelruter. Ei av strekningane går frå Oppdal via Sunndal, Eikesdal og så til Åndalsnes. Vegen tek også ein sving innom Eikesdal/Eidsvåg.

Betre tilbod langs ruta

Asbjørn Meland

Asbjørn Meland i Aktivum Midtnorge meiner prosjektet har stor komersiell interesse.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

No vil også aktørane langs sykkelrutene legge seg i selen for å gi betre tilbod til dei som kjem. - Dette er det mange som er interessert i å utnytte, seier Asbjørn Meland i Aktivum Midtnorge. Han seier sykkelturisme er i vekst både internasjonalt og I Noreg.