Hopp til innhold

Sykkylvingane vil halde fram aleine

Ei innbyggarundersøking i Sykkylven viser at over halvparten av dei som har svart vil at Sykkylven skal halde fram aleine. Det skriv kommunen på sine heimesider. Rundt 22 % vil slå seg saman med Stranda, medan dei siste 21 % vil ha Regionkommunen Ålesund. Dei yngste og dei eldste er mest skeptiske til samanslåing. Mest positive er aldersgruppa 30–39 år.