Hopp til innhold

Sykkylven vil ha verdas lengste

Ein dansk fabrikk har laga verdas lengste sofa. Det vil ikkje møbelbygda Sykkylven finne seg i.

Modellen Basic, Formfin

Modellen Basic dannar grunnlaget for den spesielle sofaproduksjonen.

Foto: Formfin

Den danske rekordsofaen er 51 meter lang og blei laga av BoConcept til Århusfestivalen i fjor sommar. Den rekorden har møbelprodusentane i Sykkylven tenkt å slå, og det grundig.

Sjå den danske 51-meteren:

Montering av verdas hittil lengste sofa, august 2007

Jubileum

I år blir det feira 100-årsjubileum for møbelproduksjonen på Sunnmøre. Det var i 1908 at pioneren P. I. Langlo frå Stranda starta bedrifta si, som seinare blei landets største. No synest møbelbedriftene i Sykkylven at det høver godt å markere jubileumsåret med å plassere verdas lengste sofa der dei synest han høyrer heime. Og det skal skje i kommunesentret Aure laurdag 7. juni, under Sykkylvsdagane 2008.

Formfin, Hundeidvik

Formfin, Hundeidvik

Foto: Odd Sørås / NRK

Formfin

Rekordsofaen er eit samarbeid mellom møbelprodusentar og underleverandørar i Sykkylven. For å få godkjent rekorden av Guinness World Records må sofaen vere ein forlenga versjon av ein eksisterande modell, og den utvalde modellen er Basic frå fabrikken Formfin i Hundeidvik.

Derfor er det på Formfin delane til sofaen no blir laga. Til presentasjonen 7. juni skal dei monterast saman til eitt møbel. Då skal lengda på sofaen målast av både lensmann og ordførar, slik at dei som lagar rekordboka til Guinness ikkje skal vere i tvil. Som ein ekstra attraksjon vil produsentane samtidig setje ein annan rekord: Kor mange er det plass til i ein sofa?

Steinar Myrseth, Formfin

Formfin har mange puter å ta av, men kor mange som går med til rekordsofaen, veit ikkje marknadssjef Steinar Myrseth enno. - Mange hundre, seier han.

Foto: Odd Sørås / NRK

Rekorden er sikker

At sofaen frå Sykkylven blir lengre enn 51 meter, garanterer marknadssjef Steinar Myrseth i Formfin som har overoppsynet med produksjonen . Men han smiler lurt når vi spør kor lang. - Vi har enno over ei veke på oss, så vi får sjå kva vi får tid til. Den vanlege produksjonen må gå sin gang, dette er noko vi gjer innimellom.

- Kva skjer med sofaen etterpå?

- Då deler vi han opp i vanlege sofalengder og sel dei. Det er sikkert mange som synest det er stas å ha ein del av ein rekordsofa i stova si. Noko av sofaen har vi også tenkt å gje bort til formål vi synest det er rett å gje dei til, seier Myrseth. Han understrekar at sjølv om dette er spøk og moro, ligg det også alvor bak:

Irene Myrseth

Irene Myrseth stappar i puter.

Foto: Odd Sørås / NRK

Alvor bak spøken

- Vi vil gjerne markere at vi er ei bygd som driv ein stor møbelproduksjon med lange tradisjonar og er stolte av det. Derfor ønskjer vi også å rekruttere fleire til dette faget. Norsk møbelproduksjon dekkjer 45% av heimemarknaden, og det er flott, men vi vil gjerne stimulere til å auke den marknadsdelen, seier Steinar Myrseth.

Jonny Storøy

Jonny Storøy trekkjer grinder og vangar til sofaen.

Foto: Odd Sørås / NRK