NRK Meny

Sykkel til sakna mann funnen

Sykkelen til den sakna 23-åringen, som er sakna på Åndalsnes, er funnen i Gryttenområdet mot Litoppen. Omlag 30 personar leitar etter mannen, som blei meldt sakna klokka 22 i går kveld. Både politi, redningshundar og mannskap frå Røde Kors deltek - i tillegg til helikopter. Mannen sykla frå Sogge i går formiddag klokka 12 og skulle truleg på fjelltur.