I løpet av få minutt fester Svenn-Andre Alvestad ei matte til sengebotnen, og set støpselet i stikkontakta.
Sjølv om ein madrass skiljar matta med sensoren og personen som ligg i senga, klarar sensoren å overvake sjukeheimsbebuaren. Den nye teknologien gjer at ein kan måle pust, hjarteslag, søvn, uro og om personen ligg eller går ut av senga.
Informasjonen går direkte til tavla på vaktrommet og ein app på mobilen til dei tilsette på Sula helsetun.
– Frå du har hatt eit tilsyn til neste gong du har eit tilsyn, får du ingen informasjon om pasienten. Det er behov for betre innsikt om brukarar både på institusjon og i heimetenesta, seier Diana Myrstad Meldal, dagleg leiar i Varda Care.
Betre kontroll på natta
No skal produktet også ut i heimetenesta i Sula kommune, like utanfor Ålesund. Kvar natt reiser dei tilsette rundt til demente og urolege pasientar for å sjekke om dei søv. Ofte vaknar pasientane når pleiarane tittar innom. Med den nye tenesta blir det til dømes færre slike avbrot.
– Det er mange som går rundt på natta. No får vi vite om dei ligg i senga, om dei er urolege og kva tid dei står opp, seier sjukepleiarane Inga Krohn Salen og Victoria Bonsaksen.
Ønske frå pårørande
Både brukarane og dei pårørande har bede om at kommunen skal ta i bruk velferdsteknologi.
– Dei følger med på kva som rører seg, og forventar at kommunen skal tilby andre tenester enn vi har gjort før, seier Solgunn Eide Dybvik, avdelingsleiar for heimetenesta i Ytre Sula.
Meir og raskare
Denne typen velferdsteknologi blir meir og meir vanleg, noko som gleder Norsk Sykepleierforbund. Helst skulle dei ønske det blei innført meir og at det gjekk enda fortare.
– Med tanke på mangelen på sjukepleiarar og helsepersonell må vi jobbe smartare og meir effektivt. Vi klarer ikkje å springe fortare. Det betyr at vi må investere og bruke pengane på teknologi som kan frigi kapasitet frå helsepersonell og bruke den kompetansen rett, seier leiar Lill Sverresdatter Larsen.
Ikkje meint for å erstatte jobbar
Nokon kilometer unna sjukeheimen, på Ålesund sjukehus, har avdelinga Medisin 5 tatt i bruk eit liknande system. Dei har ein sensor på romma til pasientane som kan varsle om ein rekke hendingar, og skal førebygge fall.
– Då kan eg gå inn i appen og sjå på eit anonymisert bilde av rommet og sjå om pasienten er på veg ut av senga, om dei har falle, eller om det berre var ein falsk alarm. Eg kan også ta digitale tilsyn på rommet, forklarar sjukepleiar Kjersti Ulset Lade.
Seksjonsleiaren på avdelinga vektlegg at velferdsteknologi er ein tilleggsteneste for å gjere kvardagen lettare, og at det ikkje meint for å erstatte jobbar eller oppgåver.
– Etter kvart blir ressursane mindre og mindre for hjelpearbeidarar og sjukepleiarar, men då har vi dette som eit hjelpemiddel i kvardagen, seier Sara Konstanse Årseth.
Jamn auke
Tal frå Helsedirektoratet viser at 115 000 personar brukte ein eller fleire typar velferdsteknologi i fjor. På grunn av underrapportering er talet truleg høgare.
– Det er ein jamn stigning og jamn utrulling av velferdsteknologiske løysingar. 310 kommunar deltek i velferdsteknologiprogrammet, seier Johan Torgersen i Helsedirektoratet.
Men kva kommunane gjer varierer. Berre 100 av 356 kommunane i landet har tatt i bruk elektronisk medisinstøtte, seier Larsen. Slike maskiner skal sikre at brukarane tek riktig medisin til rett tid.
– Det er et veldig nyttig verktøy. Fleire av tenestene må bli tatt i bruk.
Fleire vil få tilbod
Fleire lever lenger og vil trenge meir omsorg, og velferdsteknologi kan vere svaret på desse utfordringane.
Presset på sjukeheimsplassar vil auke særleg frå 2025, for då vil den store etterkrigsgenerasjonen nå 80-årsalderen.
Ifølge Helsedirektoratet vil det vere færre tilsette i helsesektoren per pasient i framtida. Derfor vil velferdsteknologi spele ei viktig rolle framover.
– Dette er eit felt som vi alle kjem til å bli meir og meir vande med. Det vil bli tilbod om fleire og fleire løysingar for fleire grupper. Kommunane vil ta i bruk fleire tilbod, seier Torgersen, og minner om at den elektroniske duppeditten berre er ein liten del av løysinga.
– Teknologien løyser ikkje dette aleine, men gjer at ein kan jobbe på nye måtar. Helsepersonell kan bruke tida meir fornuftig og enda meir målretta ved hjelp.